Historisk arkiv

Søviknes presenterte sitt perspektiv på fornybarnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Terje Søviknes la fram sitt perspektiv på fornybarnæringa då han heldt avslutningsinnlegget under Agder Energi-konferansen i Kristiansand.

- Regjeringa legg til rette for lønnsam utbygging av våre fornybare kraftressursar. Vi er godt fornøgde med den nye avtalen med Sverige om elsertifikatordninga, som gjer at vi kan bygge ut mykje på norsk side innan 2021. Vi legg også til rette for at vi kan ta i bruk krafta på stadig nye samfunnsområde, som mellom anna transportsektoren og ny kraftkrevjande industri, som grønne datasenter, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Olje- og energiminister Terje Søviknes på Agder Energi-konferansen (foto: Agder Energi).

Konferansen hadde "Det europeiske energikappløpet" som tema, og Søviknes la også vekt på tilknytinga til den europeiske energimarknaden.

- Vi har lang erfaring med utveksling av kraft med våre nordiske og europeiske naboar. Dette har tent oss godt, fordi det styrkar forsyningstryggleiken og bidrar til ei mest mogleg effektiv utnytting av energiressursane. Regjeringa er opptatt av god balanse mellom ny kraftproduksjon og kablar til utlandet. Vi vil også framover legge til rette for ei fornuftig utveksling av kraft med landa rundt oss, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Olje- og energiminister Terje Søviknes på Agder Energi-konferansen (foto: Agder Energi).

www.energifaktanorge.no