Historisk arkiv

Jernbanen etter konkurranseutsettinga av persontogtilbod: Kven har ansvar for kva?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Etter at det blei kjent at Go-Ahead har fått tildelt kontrakten for å køyre tog på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen, har det vore noko uklart rundt kven som har ansvar for kva på norsk jernbane. Det stemmer ikkje at norsk jernbane er privatisert. Tvert imot har den norske staten ansvar for det aller meste når det gjeld jernbanen.

Oversikten nedanfor gir ei kort oppsummering av kven som har ansvar for kva:

Dette har staten (departement og underliggande verksemder) ansvaret for:

  • Rutetilbodet til dei reisande (hyppigheit, stoppmønster, kapasitet, reiselengde)
  • Kvar det skal byggjast ut og driftast jernbaneinfrastruktur som skinnegang, stasjonar, parkeringsspor, verkstadar osv.
  • Korleis utbygging og vedlikehald av infrastruktur skal setjast i verk
  • Rutene dei ulike togselskapa skal få køyre.
  • Togmateriell
  • Felles plattform for billettering slik at kunden kan kjøpe samanhengande billetter på tvers av operatørar
  • Dei øvre grensene for takstar(billettpris) og sosiale rabattar
  • Rammene for samarbeid med lokale transportmyndigheter, blant anna om takstar

 

Dette bestemmer togoperatørane:

  • Service til dei reisande utover det staten har stilt minstekrav til
  • Kva slags type billettar som skal seljast og tilbodsprisar
  • Korleis dei reisande skal få informasjonen
  • Korleis togproduksjonen skal utførast
  • Korleis vedlikehald av togmateriell skal gjennomførast
  • Utvekling og forbetring av lokalt samarbeid med lokale transportmyndigheter