Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2015:

Miljøtiltak mot kvikksølvforureining ved U-864

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa vil starte arbeidet med ei miljømessig trygg og forsvarleg løysning for ubåtvraket U-864 utanfor Fedje i Hordaland, og føreslår å løyve 150 millionar kroner til oppstart av arbeidet.

Regjeringa vil starte arbeidet med ei miljømessig trygg og forsvarleg løysning for ubåtvraket U-864 utanfor Fedje i Hordaland, og føreslår å løyve 150 millionar kroner til oppstart av arbeidet.

– Det er viktig å kome i gang med tiltak for å hindre ytterlegare kvikksølvforureining frå ubåtvraket U-864 og den forureina havbotnen ved vraket. Difor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner for å kunne starte det fysiske arbeidet med å sikre ei miljømessig trygg og forsvarleg løysing for U-864, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Midla vil bli brukt til å utføre første del av dette miljøtiltaket, nemleg å etablere ei støttefylling for å sikre den ustabile skråninga under baugseksjonen til vraket. Dette er nødvendig, uavhengig av kva val som blir gjort når det gjeld vidare handtering av ubåtvraket og lasten. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei eiga sak om dette.