Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2016

15 millionar kroner til utbetring av Ørakanalen ved Borg hamn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Borg hamn er eit viktig logistikknutepunkt. Det er derfor positivt at ein har klart å kombinere ein så omfattande hamneaktivitet med å ivareta viktige miljøverdiar. Regjeringa bidrar nå med å styrkje denne kombinasjonen.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa foreslår 15 millionar kroner til mudring av Ørakanalen ved Borg hamn. Tiltaket vil vere med på å sikre nødvendig tilførsel av ferskvatn inn i våtmarksområda utanfor Øra i Fredrikstad.

Mudringa er også ein føresetnad for å kunne gjennomføre eit større prosjekt som omfattar utbetring av farleia inn til hamna.

- Sjøvegen vil spele ei stor rolle for miljøvennleg godstransport og er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid for betre og billegare transportløysningar for næringslivet. Norsk næringsliv står framfor krevjande omstillingar, og regjeringa er opptatt av å leggje til rette for nødvendige omstillingar med gode rammevilkår som sikrar moglegheiter for vekst. Tilgang på gode hamnefasilitetar er viktig for både reiarlag og transportkjøparar, seier samferdselsministeren.

Sjå også – Prop. 122 S (2015-2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016