Historisk arkiv

Statssekretærar til Nord-Noreg for å få innspel om ny Nasjonal transportplan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050. Vi er i full gang med å samle inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet, og no står Nordland, Troms, Finnmark og Svalbard for tur. Heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk, auka vedlikehaldsinnsats og ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er viktige stikkord for ny Nasjonal transportplan. Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med statssekretærane Tom Cato Karlsen og Tom-Christer Nilsen måndag 23. mai reiser til Tromsø. På programmet står mellom anna eit innspelsmøte for næringslivet om ny Nasjonal transportplan (NTP) i regi av NHO. Samferdselsministeren skal same dag til Bergen for å delta på ei minnemarkering i samband med helikopterulykka på Turøy i april i år, og han er difor forhindra frå å reise til Tromsø.  

NTP-turneen til politisk leiing i Samferdselsdepartementet starta i april med ei reise til Agder-fylka. Innspelsmøtet med næringsliv og politikarar frå Nordland, Tromsø, Finnmark og Svalbard er det sjette på turneen.

- Erfaringane viser at i dei tilfella der ein region ikkje sjølv klarer å prioritere, så blir den jobben likevel gjort, men då av politikarar frå andre delar av landet. Det er difor særleg viktig at næringsliv og politikarar i dei ulike regionane hjelper oss med å prioritere dei viktigaste prosjekta fyrst, samstundes som alt skal passe inn i ein samanheng på lang sikt. Som regel er det fleire ønskje om prosjekt enn det ein klarer gjennomføre på få år, og vi skal leggje fram ein transportplan for heile landet, seier samferdselsministeren. 

Program for politisk leiing i Tromsø
På turen 23. mai har statssekretærane Karlsen og Nilsen følgjande program:  

11.00-13.00: Opning av den nasjonale sykkeldagen og utdeling av Sykkelprisen 2016 på Clarion Hotel The Edge, Kaigata 6.

13.30-16.00: Innspelsmøte i regi av NHO om NTP 2018-2029 på Linken, SIVA Forskningspark, Sykeshusvegen 23. 

Journalistar og fotografar er velkomne til å delta. Pressekontakt for statssekretærane er pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar 8-16), e-post: sdinfo@sd.dep.no.    

For fleire opplysningar – sjå:

Følg debatten om NTP på Twitter: #transportplan og #ntp

Send oss gjerne innspel på Facebook