Historisk arkiv

Nasjonal transportplan 2018-2029

Kyst: Meir gods blir overført frå veg til sjø og vesentlege delar av vedlikehaldsetterlepet blir fjerna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Satsinga på kysten som transportåre blir styrka i Nasjonal transportplan. Oppgradering av farleier og tekniske installasjonar, stimulans for nærskipsfarten, utvikling av teknologi, bygging av verdas første skipstunnel og meir effektive hamner er nokre av grepa som skal auka godsmengda langs kysten, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Regjeringa vil vidareutvikle kysten som ei viktig næringsåre. Den har vore arena for verdiskaping i hundrevis av år og har fortsatt ein vital rolle. I Nasjonal transportplan 2018-2029 fjernar vi vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinfrastruktur og vesentlege deler av etterslepet på moloar og kaiar. Vidare rustar vi opp hamner og farleier, set i gang bygging av Stad skipstunnel og bidreg til å få meir gods over på sjø. Vi legg òg til rette for at hamnene kan møte dei framtidige behova for skipfarten, mellom anna ny teknologi. Alt dette er viktige tiltak som bidreg til at verdiskapinga i heile landet held fram, seier Solvik-Olsen

Det er sett av om lag 7,6 milliardar kroner til 34 nye hamne- og farleiprosjekt i ny Nasjonal transportplan. Samstundes vil prosjekt som allereie er satt i gang, bli ferdigstilt. Dei største prosjekta er Stad skipstunnel, Borg hamn del I og II, Andenes fiskerihamn, Værøy fiskerihamn og utbetring av hamneinfrastrukturen i Longyearbyen. Tiltaka er i stor grad utdjuping av hamneområde og farleier.

- Med desse prosjekta bidreg regjeringa til betre framkomme og økt tryggleik for sjøtransporten og som styrker næringslivet. Tiltaka sikrar betre og tryggare tilgang til hamner med større kapasitet for både store og små båtar, spesielt i dårleg vêr, seier Solvik-Olsen.

Det største enkeltprosjektet på kystområdet er Stad skipstunnel, som er berekna å koste om lag 2,7 milliardar kroner. Oppstart er planlagd allereie i første seksårsperiode i NTP. Les eiga pressemelding om skipstunnelen.

Se ei komplett oversikt over alle kystprosjekta i vedlegg 3 i NTP eller i fylkesoversiktene.

- Tryggleiken til ei næring som held til i eit av verdas tøffaste sjøområde blir styrka og det blir lagt til rette for bruk av intelligente transportsystem (ITS). Regjeringa satsar vesentleg på ITS-tenester og -utvikling dei neste 12 åra. Her er Noreg allereie ein føregangsnasjon, seier samferdselsministeren.

Ein legg opp til mellom anna innkjøp av to nye multifunksjonsfartøy som er viktige for å oppretthalde sjøtryggleiken.  

Vedlikehaldsetterslepet blir tatt att i planperioden

- Regjeringa satsar aktivt på å redusere vedlikehaldsetterslep i samferdselssektoren. Det er difor svært gledeleg at etterslepet i navigasjonsinfrastruktur kan fjernast allereie i første del av perioden, seier Solvik-Olsen.

Det er sett av totalt 7 milliardar kroner til drift og vedlikehald på kystområdet i NTP-perioden. Vesentlige deler av vedlikehaldsetterslepet på moloar og kaiar vil bli fjerna i løpet av planperioden.

Godstransport på sjø har store positive ringverknadar

Regjeringa har innført ei tilskotsordning som skal stimulere til overføring av gods frå veg til sjø. Det er løyva 82 millionar kroner over budsjettet for 2017. Vidare er det lagt opp til 100 millionar kroner årleg i den første seksårsperioden i NTP. Ordninga rettar seg inn mot dei prosjekta som har ein nytteeffekt for samfunnet.

Sjøtransport av gods er den transportformen som gir lavast kostnadar for samfunnet.

- Regjeringa styrker sjøtransportens konkurransekraft og bidreg til målet om å overføre meir gods frå norske veger til sjø. Dette fører til færre trailerar på vegane, noko som i seg sjølv har ein stor nytteverdi for samfunnet. Det gir miljøgevinst, frigjør kapasitet på vegane og betrar trafikktryggleiken, seier Solvik-Olsen.

Det vil òg bli etablert ei tilskotsordning for investeringar i infrastruktur i hamn som støttar opp om utvikling av effektive og miljøvennlege hamner. Ordninga ser på ei heilskapleg tilnærming til logistikknutepunkt. Regjeringa går ut frå ei ramme på 2 milliardar kroner i 12-årsperioden til denne ordninga. Det vil òg bli lagt til rette for at investeringar i farleier, hamner, veg og banesystem ses i samanheng.

- Den teknologiske bølga har allereie nådd land, og hamnene må vere rusta for ein ny kvardag. Meir automatisering og betre tekniske nyvinningar både på land og sjø vil effektivisere arbeidet og bidra til meir miljøvennleg godstransport. Det fører òg til andre krav for både skip og hamner. Staten vil bidra med ei tilskotsordning som støtter hamnene i denne utviklinga, seier Solvik-Olsen.