Historisk arkiv

Byvekstavtaler - avgrensing av nullvekstmålet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

I samband med arbeidet med reforhandlingar av avtaler i Oslo og Akershus, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren til byvekstavtaler, har Samferdselsdepartementet sendt eit brev til Vegdirektoratet om korleis nullvekstmålet skal handterast i dei fire største byområda.

Nullvekstmålet er sentralt i byvekstavtalene og bidreg til at veksten vert teken av kollektiv, sykkel og gange. Det fremmer betre bymiljø, og reduserer kapasitetsutfordringar i infrastrukturen rundt dei store byane.

- Nullvekstmålet er grunnlaget for at staten bidreg med milliardar av kroner til store infrastrukturprosjekt i dei store byområda. Samtidig ser vi at nye kommunar som kjem inn har langt tydelegare distriktspreg. Vi må derfor ha fleksible løysingar slik at ikkje desse distriktsområda, som i praksis ikkje har kollektivtilbod, vert ein stor tapar gjennom byvekstavtalene, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det er i avtalene stilt krav om nullvekst for persontransport med bil. Avtaleområdet skal følge kommunegrensene. Nullvekstmålet inneber dermed at veksten i persontransport i avtaleområdet sett under eitt skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange. Reisevaneundersøkinga og konkrete teljepunkt skal brukast til å følgje opp korleis måla vert nådd.

Utviklinga kan likevel vere ulik i randsonen og i bykjernen. Det er også opna for å invitere fleire kommunar inn i reforhandlingane. Både i Bergensområdet, Trondheimsområdet og i Oslo og Akershus er det no nye omegnskommunar med i forhandlingane. For Nord-Jæren er dagens avtaleområde ført vidare, heiter det i brevet frå Samferdselsdepartementet.

Komande kommunesamanslåingar

- Frå 2020 vil avtaleområdet i fleire byområde bli utvida som følgje av kommunesamanslåingar. Fleire av dei kommunane som frå 2020 vil bli slått saman med kommunar som i dag er parter i byvekstforhandlingane. Byvekstavtalene vil då omfatte kommunar som har viktige regionale sentra, men som også har store område som har liten busetnad. Vi legg derfor til grunn at dagens spreiddbygde randkommunar, som blir ein del av avtaleområda frå 2020, som hovudregel ikkje skal omfattast av nullvekstmålet, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. 

I praksis vil dette etter 2020 bety at enkelte av dagens spreiddbygde land-/øykommunar rundt dei største byane ikkje vil vere ein del av området der det skal målast nullvekst.  Samferdselsdepartementet legg samtidig til grunn at avtaleområdet skal følge dei kommunegrensene som gjeld til ein kvar tid. Dette inneber at det etter 2020 vil vere forskjell på avtaleområdet og det geografiske området der det skal målast nullvekst.

- Teljepunkt for trafikken bør ikkje plasserast der dei openbert i stor grad vil fange opp lokaltrafikk i område som knyt lokale sentrum eller tettstader saman med område med spreidd busetnad. Slik vert trafikken i lokale sentrum og tettstader fanga opp der det er naturleg og viktig for arealpolitikken, samtidig som område utan realistisk grunnlag for kollektive løysingar vert skjerma i plasseringa av teljepunkt, seier samferdselsminister Dale.

Oslo og Akershus, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren

Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til dei neste fem byområda under avtaleforhandlingane.

Ein gjennomgang av korleis nullvekstmålet skal handterast i dei fire største byområda er lagt fram i brevet frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet:

Brev til Vegdirektoratet 31. oktober 2018 (pdf)