Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2019

Betre kollektivtilbod for personar med nedsett funksjonsevne i fleire fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa ønsker eit godt og enkelt tilgjengelig transporttilbod for alle. Derfor blir fleire fylke no en del av ordninga med tilrettelagt transport for funksjonshemma (TT-ordninga). Dette vil gjere det enklare for alle som ønsker det å vere ein integrert del av samfunnet, på tross av utfordringar med transport, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I dag er åtte fylke omfatta av den utvida ordninga med tilrettelagt transport for funksjonshemma (TT-ordninga). Dette er ein statleg ordning som kjem i tillegg til TT-ordningar fylka allereie har sjølve. Den utvida ordninga skal, saman med fylkeskommunane sitt tilbod, sikre totalt 200 fritidsreiser for blinde/svaksynte og rullestolbrukarar.

I budsjettet for 2019 løyva Stortinget 45 millionar kronar, av eit totalbeløp på 184,2 millionar kronar, til å utvide ordninga til fleire fylke frå andre halvår 2019. Regjeringa vil sette av enda meir til å utvide ordninga.

Realistisk tildeling

Det har vore betydelig mindreforbruk av midlane i nesten alle fylka dei siste åra. I år får dermed dei åtte fylka som allereie er ein del av ordninga tildelt midlar ut frå kor stor prosentdel av tildelinga dei nytta i 2018. Det vert lagt til ein buffer for mellom anna å vareta variasjonar i bruken av midla over tid.

- Det er lite hensiktsmessig å dele ut pengar fylka ikkje brukar. Da er det viktigare at fleire får ta del i ordninga. Derfor har vi no bestemt at midlane som ikkje vert tildelt til dei åtte fylka, kan brukast til å utvide ordninga til fleire fylke, seier samferdselsministeren.

Søknadsfristen for å bli ein del av ordninga gikk ut 29. april. Alle fylkeskommunane, bortsett frå Vest-Agder har søkt. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til kva for fylke som vert del av ordninga og summar for dei enkelte fylka.

Når alle fylka er ein del av ordninga, vert ansvaret for ordninga overført frå Samferdselsdepartementet til dei nye regionane.