Historisk arkiv

Eit betre busstilbod for passasjerane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi ønsker å legge til rette for eit godt kollektivtilbod for folk flest. Om nokon ønsker å bygge ut betre kollektivtrafikk, skal ikkje politikken sette hinder for dei. Vi liberaliserer og bryt monopol. No endrar vi reglane for etableringa av kommersielle bussruter og gjer det mogleg for fleire å etablere ekspressbussrutar. Det kan gi betre, hyppigare og billigare buss, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Buss
Foto: Foto: Olav Heggø/Fotovisjon

Denne lovendringa opnar opp for ein meir liberal ekspressbusspolitikk. Det gjev moglegheit til å utfylle det lokale kollektivtilbodet med kommersiell busstransport.

For å drive kommersiell busstransport er det fortsatt krav om ruteløyve. Det vil si at dei som betener bussruta må fortsatt oppfylle krav til god vandel, økonomi og fagleg kompetanse. For å opprette ein kommersiell bussrute må lengda på ruta vere over 80 kilometer ein veg.

Dei kommersielle flybussane, der passasjerane anten går av eller på ved ein flyplass, vil få løyve utan noko nedre kilometergrense.

Lovendringa er ei tilpassing til regionreforma. I dag vert løyver til kommersielle bussruter  som kryssar fylkesgrenser berre behovsprøvd i høve til lokale ruter som fylkeskommunane kjøper. Etter framlegget til lovendring vil kommersielle ruter over ein viss avstand få løyve utan nokon form for behovsprøving uavhengig av om ruta kryssar ein fylkesgrense eller ikkje. Endringa vil gjere det mogeleg å føre ein likearta og liberal ekspressbusspolitikk over heile landet, uavhengig av innføringa av nye utvida fylkesgrenser.

Les meir: Prop. 69 L (2018-2019) Endringar i yrkestransportlova (ekspressbuss)