Historisk arkiv

NSB og Nettbuss blir ei felles merkevare og skiftar namn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Styret i NSB går inn for å samle persontogverksemda og bussverksemda under ei felles merkevare som får nytt namn. Samferdselsministeren tek styret si avgjerd til vitande.

NSB har tatt initiativet til å samle persontog- og bussverksemda si i Sverige og Norge under ei ny, felles merkevare som får namnet Vy. Eit samrøystes styre i NSB har gått inn for dette, inkludert representantane til dei tilsette.

- Det er styret og selskapet som er nærmast til å vurdere kva som må til for at NSB skal lukkas som selskap framover. Eg vil derfor leggje styret si avgjerd til grunn når saka skal handsamast i generalforsamlinga, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. 

NSB er eit kjent og tradisjonsrikt merkenamn i Noreg. Norges Statsbaner blei etablert i 1883 og har i alle år drive med togtrafikk, og seinare også persontrafikk med buss.

- NSB-namnet har ei lang historie, og betyr mykje for mange. At namnet no forsvinn har eg stor forståing for at kan vekkje kjensler. Samstundes vil ikkje eigar motsetje seg styret si avgjerd når styret meiner endringa er naudsynt for å styrkje konkurranseposisjonen til NSB og for å kunne tilby dei reisande eit godt og framtidsretta tilbod. Eigar legg stor vekt på at eit samla styre meiner at dette er avgjerdande for ei positiv utvikling i selskapet, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysningar – sjå:

Pressemelding frå NSB av 12. mars