Historisk arkiv

Planavklaringar for viktige prosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Konseptvalutgreiingar (KVUar) er grunnlaget for utbygginga av store prosjekt. No har samferdselsminister Jon Georg Dale bedt Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet gjennomføre fleire slike utgreiingar. I tillegg har Samferdselsdepartementet gitt unntak frå kravet om KVU og kvalitetssikring (KS1) for fleire riksvegstrekningar.

Dei prosjekta Statens vegvesen kan starte opp utgreiing av er transportsystema rundt Ny by Bodø og rv. 658 mellom Ålesund og Vigra. Jernbanedirektoratets prosjekt er Kongsvingerbanen, Hovedbanen Nord og løysingar for betre mobildekning langs sporet over heile landet.

- Dette er viktige prosjekt som vi ønsker å greie ut. I samband med flyttinga av flyplassen i Bodø, får vi høve til å utvikle bustadar, butikkar og hamneområdet på ein smart måte. Vi kan tenke heilskapleg om transport og førsel til, frå og i dei ulike korridorane. Slik skapar vi effektive reisekvardagar for folk og næringsliv, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Aktuelle tiltak for utgreiinga av transportsystema rundt Ny by Bodø ligg inn under statleg, fylkeskommunalt og kommunalt ansvarsområde. Samferdselsdepartementet har derfor bedt om at fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunen blir invitert til å delta i styringsgruppa i KVUen.

Rv. 658 Ålesund-Vigra

- Dei siste åra har trafikken gjennom Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen økt monaleg. Tunnelane er allereie bland dei mest trafikkerte undersjøiske tunnelane i Noreg. Den auka trafikken betyr at det er behov for å sjå på tryggleika for dei som nyttar tunellane. Vi må sjå korleis vi held trafikktryggleiken like høg, sjølv om fleire nyttar vegen til og frå Vigra og Ålesund. Derfor er det behov for ein KVU på strekninga, seier Dale.

Jernbaneutgreiingar

- Regjeringa styrkar arbeidet for å løfte norsk jernbane til eit moderne velfungerande transportsystem. Jernbana er ein viktig del av kollektivtransporten som fraktar mange menneska til og frå jobb kvar dag. Derfor startar vi opp KVU på tre prosjekt i jernbanesektoren, seier samferdselsministeren.

Kongsvingerbanen har hatt god vekst dei siste åra, og ein vonar at det vil vere vekst òg i åra framover. Med dagens kapasitet på banen er det ikkje fysisk rom for ytterlegare betring av togtilbodet, sjølv om det er marknadsmessig etterspurnad etter fleire avgangar. Banens mangfaldige suksess gjer at kapasiteten er i ferd med å bli sprengd. Jernbanedirektoratet skal sjå på korleis Kongsvingerbanen kan utviklast for å løyse framtidas transportbehov enda betre.

Strekninga Lillestrøm – Eidsvoll på Hovedbanen har i lengre tid hatt manglande kapasitet og toga har vore lite punktlege. Det er ikkje mogleg å køyre fleire tog utan at infrastrukturen blir bygd ut. Ein forventar ein auke i busette og arbeidsplassar i regionen og i godstransporten på Hovedbanen i åra framover. Samla tilseier dette at kapasiteten må aukast for å betre punktlegheita, og å møte etterspørselen etter meir person- og godstrafikk på banen.

Togreisande forventar å ha god nettilgang. Med god nettdekning kan fleire jobbe eller få unnagjort andre gjeremål undervegs. Dagens og framtidas reise er samstundes meir og meir digital. Entur sin reiseplanleggar er eit godt døme på det. For å få god nettdekning må signala komme fram til toget. KVUen skal gi meir informasjon om kva for tiltak som er naudsynt for å sikre betre dekning langs sporet.

Unntak frå kravet om KVU og KS1

I tillegg har Samferdselsdepartementet gitt unntak frå kravet om KVU og kvalitetssikring (KS1) for fleire riksvegstrekningar. Dette er vanleg praksis når det til dømes berre vil vere  aktuelt med utbetring i dagens trasé. På desse strekningane er det mogleg å starte rett på kommunedelplan. Det betyr ein raskare planprosess enn med KVU.

Følgande strekningar får unntak frå kravet om KVU/KS1:

  • E39 Valsøya-Storøya
  • 70 Oppdal-Kristiansund
  • 7 Hønefoss-Gol
  • E6 Otta-Dovrefjell
  • E6 Mo i Rana

E6 Mo i Rana skal gjennom fleire planavklaringar. Om det på lengre sikt blir aktuelt å sjå på større tiltak på jernbane, vei og hamn i Mo i Rana, vil departementet vurdere på nytt om det er behov for ein KVU der ein ser de ulike transportforma i samanheng.