Historisk arkiv

No kjem E18 Dørdal–Tvedestrand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ein ny E18 frå Dørdal til Tvedestrand vil bety mykje for så vel trafikktryggleiken som for regional utvikling. Med trafikksikker firefelts veg forsterkar og vidareutviklar vi E18 som ei hovudferdselsåre mellom Østlandet og Sør-Vestlandet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag til Stortinget om utbygging og finansiering av E18 Dørdal–Tvedestrand. Det er Nye Veier AS som har ansvaret for prosjektet.

Strekninga er 54 km lang, og vegen blir i utgangspunktet planlagt som firefelt med fartsgrense 110 km/t. Prosjektet skal koste 11,35 milliardar kroner. 3,9 milliardar av dette er frå bompengar.

- Det er viktig å få samanhengande firefelts veg på hele strekningen Oslo–Kristiansand. Dette vil gi vesentleg betre trafikktryggleik og kortare reisetid. Det er viktig både for vanlege folk og næringslivet som nyttar vegen. E18 er òg ein viktig del av samanbindinga til utlandet via ferjehamnene langs strekningen, seier samferdselsministeren.

Etter at eit interkommunalt samarbeid resulterte i kommunedelplan for strekninga, arbeidar no kommunane Bamble, Kragerø, Gjerstad, Risør, Vegårshei og Tvedestrand med reguleringsplanen.

Strekninga skal etter planen ha første delopning i 2025. Det er planlagt ferdigstilling for heile strekningen innan utgangen av 2028.

image7fhiq.png