Historisk arkiv

Regjeringa aukar bøtene for mobilbruk i bil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er trafikkfarleg å nytte mobiltelefonen når ein køyrer bil. Det har vore forbode sidan 2000. Likevel ser vi at mange ikkje klarer å legge vekk mobilen når dei køyrer. Derfor aukar vi no bøtene til 5.000 kroner og prikkane frå to til tre viss ein blir tatt med mobilen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Mobilbruk i bil

Endringane blir lagt fram i statsråd i dag, og trer i kraft 1. januar 2021.

I dag er bota på 1.700 kroner og ein får to prikkar ved bruk av mobil ved køyring. Regjeringa innførte prikkbelastning for mobilbruk i bil i 2019.

- Det har ikkje hatt den venta effekten. Vi må derfor ty til sterkare middel. Med høgare bøter og enda ein prikk, håper eg sjåførar ser alvoret i dette. Det skal vere så trygt som mogleg å vere i trafikken. Da må alt fokus vere på det som skjer når ein køyrer, seier Hareide.

- Det er viktig at politiet har sanksjonstiltak som både verkar førebyggjande og får konsekvensar for dei som bryt lova. Dette er ein kraftig auke som eg håper får folk til å tenkje seg om. Det er ikkje akseptabelt å bruke mobiltelefon når ein køyrer bil, og derfor får du no svi dersom du gjer det, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Ein auke i alle forenkla førelegg i trafikksaker

I tillegg blir satsane for alle forenkla førelegg auka. Det er fordi dei ikkje har vore endra sidan 2018. Auken er tilsvarande konsumprisindeksjusteringa frå 2018 til 2020.

- Bøter skal vere avskrekkande. Da må vi sørge for at dei held eit nivå som er i takt med prisutviklinga, seier samferdselsministeren.