Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Ei framtid med tryggare vegar og grønare byar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Noreg er eit langstrakt land og vi er avhengige av vegane og ferjene våre. Dei sørger for at varer og folk kjem seg til og frå dei ytste øyene og store byane. Regjeringa satsar derfor framleis mykje på å bygge tryggare og betre vegar. Samstundes må vi få ned klimagassutsleppa. Satsinga på effektiv vegutbygging, utsleppsfrie ferjer og grønare byar med gode tiltak for gåande, syklande og kollektivtrafikken er derfor viktig, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 40 milliardar kroner til vegformål i 2022. Av dette går om lag halvparten til investeringar på riksvegane. Det inkluderer 5,9 milliardar kroner til Nye Veier.

– Med desse investeringane sikrar vi eit høgt trykk i utbygginga av norske vegar. Det vil bli anleggsstart på E18/E39 Gartnerløkka–Kolsdalen, E136 Breivika–Lerstad og E8 Sørbotn–Laukslett, forutsett Stortingets vedtak om kostnadsrammer. Det blir sett av 1 milliard kroner til det nye OPS-prosjektet rv. 555 Sotrasambandet. På fleire strekningar vil det vere førebuande arbeid, slik at det kan bli anleggsstart. Det betyr tryggare vegar i heile Noreg, seier samferdselsministeren.

Det vil vere førebuande arbeid på E6 Megården–Mørsvikbotn i Nordland, E16 Hylland–Sleen, Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Stanghelle–Arna i Vestland, E134 Røldal–Seljestad i Vestland, E134 Saggrenda–Elgsjø i Viken og Vestfold og Telemark, E134 Oslofjordforbindelsen, fase 2 i Viken og E10/rv. 85 Tjeldsund–Gullesfjordbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms og Finnmark.

- Vi tek vare på det vi allereie har

Med eit forslag på nær 9 milliardar kroner til drift og vedlikehald vil etterslepet på riksvegane bli redusert med 350 millionar kroner. Det er spesielt knytt til arbeida med oppgradering av tunnelar. Godt vedlikehald og bra drift av vegane er viktig for tryggleik, miljø og ikkje minst framkome langs vegane våre.

– I Nasjonal transportplan 2022–2033 er utbetringsstrekningar eit viktig grep. Det er vegstrekningar der Statens vegvesen utbetrar den eksisterande vegen, framfor å bygge ny. Det fører til reduserte kostnadar og mindre negative konsekvensar for klima og miljø. Vi tek betre vare på det vi allereie har, seier Hareide.

Utbetringsstrekningane rv. 7 Svenkerud–Ørgenvika, rv. 70 Oppdal–Sunndalsøra, rv. 80 Sandvika–Sagelva og rv. 94 Akkarfjord–Jansvatnet kan vere aktuelle for oppstart i 2022. Det er Statens vegvesen som vurderer og avgjer dette gjennom året.

Tryggare vegar

Nullvisjonen om at ingen skal miste livet eller bli hardt skadde er ein sentral del av arbeidet i vegsektoren. I Nasjonal transportplan 2022–2033 er det sett ambisiøse mål for ulukkesutviklinga.

– Trafikktryggleik er viktig for oss. Pengar til målretta trafikktryggleikstiltak, utbetringsstrekningar, nye investeringar, trafikant- og køyretøytiltak og drift og vedlikehald skal saman bidra til å auke tryggleiken i trafikken. Folk skal oppleve at det er sikkert å køyre på norske vegar, seier Hareide.

Regjeringa foreslår òg å opprette ei ny tilskotsordning på 40 millionar kroner for tryggare skulevegar og nærmiljø, og aukar løyvinga til Trygg Trafikk. Ung i Trafikken og Nasjonal Barnetrøkkløsning får òg midlar over statsbudsjette. Til saman er dette ei oppfølging av Barnas transportplan og satsinga på auka trafikktryggleik for barn og unge.

Grønare byar

– Regjeringa satsar stort i byområda, noko som bidrar til eit grønare samfunn. Det gir òg folk ein enklare reisekvardag. Vi ønsker å vidareføre satsinga i 2022 og foreslår derfor å løyve 6 milliardar kroner til dei største byane våre. Det fører til meir kollektivtrafikk og betre forhold for dei syklande og gåande, seier samferdselsministeren.

Dei 6 milliardane er direkte bidrag frå staten til byvekst- og belønningsavtalane. Det er inngått byvekstavtaler med Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland, Nedre Glomma og Tromsø har belønningsavtalar.

2,2 milliardar kroner skal gå til dei store kollektivprosjekta Fornebubanen i Oslo og Viken (1,1 milliard kroner), Bybanen i Bergen (600 millionar kroner) og Bussveien på Nord-Jæren (500 millionar kroner). I tillegg blir Metrobussen i Trondheim vidareført med ubrukte lokale midlar frå tidlegare år.

– I tillegg sett vi av 30 millionar kroner til ei ny tilskotsordning. Den skal styrke innsatsen på klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome i mindre byområde som ikkje er omfatta av dei andre ordningane. Midla skal gå til infrastruktur for gang- og sykkelvegar og kollektivtransport. Målet er at to-tre byar får midlar frå andre halvår 2022, seier Hareide.

Den nye tilskotsordninga omfattar Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyane (Tønsberg, Sandefjord og Larvik). Ordninga blei lansert i Nasjonal transportplan 2022–2033.

Ny tilskotsordning for fylkesvegar

– Regjeringa følgjer opp lovnaden i Nasjonal transportplan om ei auka satsing på fylkesvegar, og opprettar ei ny tilskotsordning. Ordninga skal rette seg mot vedlikehald, fornying og utbetring av fylkesvegar, seier samferdselsministeren.

Kriteria for fylkeskommunane sine prioriteringar vil vere utviding av bu- og arbeidsmarknadsregionar og satsing på viktige næringsvegar.

Lågare garantiansvar for fylkeskommunane

Regjeringa legg opp til at staten på visse vilkår kan stille garanti for delar av nye bompengelån knytt til riksvegprosjekt. Da blir det ei reell risikodeling mellom stat og fylkeskommune. No vil det bli jobba vidare med detaljane i ei slik ordning.

– Eg håpar den nye ordninga vil gjere situasjonen lettare for fylkeskommunane, seier samferdselsministeren.

Lågare ferjetakstar

Regjeringa foreslår å løyve om lag 2,7 milliardar kroner til å drifte riksvegferjene. I tillegg har regjeringa prioritert 483 millionar kroner til reduserte ferjetakstar på riks- og fylkesvegferjesambanda. Det vil gi ein reell reduksjon på 17,5 prosent samanlikna med takstnivået 1. januar 2021, utan meirverdiavgift.

– Ferjene er eit særs viktig tannhjul for at Noreg skal gå rundt. Vi sørger for god drift av ferjene på riksvegane òg i 2022, seier Hareide.

For meir informasjon, sjå: