Historisk arkiv

Eitt skritt nærare ny veg mellom Ulefoss og Lunde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ein ny fylkesveg mellom Ulefoss og Lunde (Kaste–Stoadalen) vil bety mykje for trafikktryggleiken for bebuarar og mjuke trafikantar, så vel som tunge køyretøy. Med trafikksikker veg sikrar vi eit viktig bindeledd mellom Lunde og nedre og midtre Telemark, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa legg i dag fram eit forslag til Stortinget om finansiering av fv. 359 Kaste-Stoadalen. Det er Vestfold og Telemark fylkeskommune som har ansvar for prosjektet.

Utbygginga omfattar bygging av 2,9 km ny fylkesveg på strekningen Kaste–Stoadalen. Prosjektet vil koste 314,7 millionar kroner. 178,4 millionar kroner er fylkeskommunale midlar og bompengebidraget er på 135,3 millionar kroner. Bompengeprosjekt blir fremma av Samferdselsdepartementet for vedtak i Stortinget.

Fv. 359 er hovudferdselsåra mellom Ulefoss og Lunde. Dagens veg gjennom Stoadalen er svingete, trong, har dårleg trafikktryggleik og lite skikka til ferdsel for mjuke trafikantar.

Framkomme for tunge køyretøy på dagens veg er svært redusert. Vegen er svært smal på delar av strekninga, stadvis med berre breidde for eitt tungt køyretøy om gongen. Tunge køyretøy må derfor nokon gonger rygge når to tunge køyretøy møtes. Det er heller ikkje fortau eller gangveg på strekningen.

Det blir lagt opp til anleggsstart i løpet av 2021, med ferdigstilling i 2023.

For meir informasjon, sjå: Prop. 183 S (2020-2021) Finansiering av prosjektet fv. 359 Kaste – Stoadalen i Nome kommune i Vestfold og Telemark fylkeskommune

Kart Kaste-Stoadalen
Kart over den nye vegen mellom Kaste og Stoadalen. Foto: Samferdselsdepartementet