Historisk arkiv

Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Det har ikkje vore togtrafikk på Namsosbanen og på Valdresbanen mellom Røste og Dokka på fleire år. Desse strekningane er i svært dårleg forfatning, og det er kostnadskrevjande å setje dei i køyrbar stand. Då er det betre å ta strekningane ut av det nasjonale jernbanenettet, slik at areala kan bli frigjevne til andre formål enn togtrafikk, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Namsosbanen og Valdresbanen er to såkalla sidebanar på det norske jernbanenettet. Ingen av dei to ikkje-elektrifiserte banane har i dag regulær togtrafikk.  

Lokal støtte for å ta Namsosbanen ut av jernbanenettet

Namsosbanen er den 52 kilometer lange sidebanen til Nordlandsbanen mellom Grong og Namsos. Det har ikkje vore regulær trafikk på banen på mange år, og kvaliteten på infrastrukturen er for låg til å drive togtransport. Traseen er i ferd med å gro att, og banen er utsett for ras og flaum fleire stader, slik at tryggleiken er dårleg.

Bane NORs utrekningar viser at det vil vere samfunnsøkonomisk ulønsamt å gjennomføre tiltak som gjer det mogleg med togtrafikk på Namsosbanen. Ifølgje Jernbanedirektoratet og Bane NOR vil nytteverdien vere større ved å frigi banen til andre formål enn å oppretthalde strekninga slik ho er i dag. Namsos kommune støttar denne vurderinga.     

Frigir nesten heile Valdresbanen til andre formål

Valdresbanen er den 47 kilometer lange sidebanen til Gjøvikbanen mellom Eina og Dokka. Valdresbanen har korkje hatt regulær trafikk eller blitt vedlikehalden på mange år, og banen er i dårleg forfatning. Vurderinga til Bane NOR er at det ikkje vil vere mogleg å køyre tømmertog på strekninga Eina–Dokka utan ei fullstendig opprusting av infrastrukturen.   

I ei høyringsrunde i regi av Bane NOR om framtida til Valdresbanen stilte tidlegare Oppland fylkeskommune og dei fleste aktuelle kommunane seg positive til å frigi den 42 kilometer lange strekninga Røste–Dokka til andre formål. For strekninga Eina–Røste bør ein inntil vidare vente på endeleg avklaring om etablering av tømmerterminal på Røste.

Vidare prosess

Med frigiving av strekningar til andre formål enn togtrafikk følgjer det formelle prosessar knytt til delvis vederlagsfri avhending og etterbruk. Bane NOR har ansvar for opprydding på strekningane.

Om det nasjonale jernbanenettet

Det nasjonale jernbanenettet er den statlege jernbaneinfrastrukturen for persontransport og/eller godstransport, og som blir forvalta av Bane NOR. Dette avgrensar moglegheitene til anna arealbruk innanfor ei sone på 30 meter på kvar side av traseen. Så lenge strekningane er rekna som ein del av det nasjonale jernbanenettet, kan areala ikkje nyttast til andre formål.

For fleire opplysningar – sjå:

Prop. 193 S (2020-2021) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane