Historisk arkiv

Regjeringas gåve til kongeparets 25-årsjubileum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Søndag 17. januar 2016 er det 25 år sidan Kong Harald og Dronning Sonja vart Noregs kongepar. Regjeringas gåve i samband med jubileet er eit utandørs familiearrangement i Oslo sentrum og ei festforestilling i Universitetets Aula.

Markeringa 17. januar startar med eit utearrangement. Arrangementet er sett saman av vinterlege aktivitetar, særleg for barn, og underhaldning for alle aldersgrupper. Deretter vert kongeparet invitert til ei festforestilling i Universitetets Aula. 

Utearrangementet vil vera ope for alle. På grunn av avgrensa plass er forestillinga i Universitetets Aula kun for inviterte gjestar. Forestillinga vil bli sendt på NRK1 same kveld. NRK Aktivum produserer forestillinga på oppdrag for regjeringa. TV-signal vil vera tilgjengeleg vederlagsfritt for dei som ønskjer å senda forestillinga på TV eller Internett. Nærare informasjon om dette, inkludert informasjon om presseakkreditering, vil bli formidla på eit seinare tidspunkt.