Historisk arkiv

Statsministeren til Reykjavik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg besøkjer Reykjavik 27.-29. oktober i samband med Nordisk råd og Northern Future Forum.

Opphaldet i Reykjavik startar tysdag 27. med nordisk toppmøte mellom Nordisk råd og statsministrane. Tema blir mellom anna på kva område statsministrane ser for seg eit tettare samarbeid og auka nordisk samarbeid framover. Migrasjon og klima kjem til å bli to av fleire tema for møtet mellom dei nordiske statsministrane.

Presse som ynskjer å dekkje Nordisk råd må akkreditere seg her seinast 23. oktober.

28. og 29. har den islandske statsministeren Sigmundur David Gunnlaugsson invitert statsministrane frå dei nordiske og baltiske landa og Storbritannias statsminister til Northern Future Forum (NFF). I løpet av dei to dagane skal statsministrane mellom anna diskutere framtidige trendar, kreative næringar, enklare, smartare og meir innovative offentlege tenester.

NFF blir arrangert for femte gong i år. Dei tidlegare møta har funne stad i London, Stockholm, Riga og Helsinki. I tillegg til statsministrar frå ni land er også ulike leiarar og ekspertar på ulike område til stades i Reykjavik.

Statsminister Erna Solberg har med seg følgjande fem norske ekspertar som skal halde innlegg og bidra i diskusjonar i Reykjavik: Hans Christian Holte, skattedirektør, Petter Ole Jakobsen, Chief Technical Officer i Vizrt, Astrid Skreosen, grunnleggjar og direktør i ASAP-Norway, Odd Sverre Østlie, president i Viju Group og Signe Aarhus, grunnleggjar og direktør i Oleana.

Presse som ynskjer å dekkje reisa, må snarast akkreditere seg her: http://nff2015.is/press/ 

Program for NFF.

Kommunikasjonsrådgivar for statsminister Erna Solberg: Anne Nordskog, telefon 975 30 948.