Historisk arkiv

Priv. til red.

Statsministerens program veke 21

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 23. mai
Kl. 16.00: Statsminister Erna Solberg tek imot Polens president Andrzej Duda til samtalar i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Ein fotopool som består av Scanpix, NRK og TV2 har høve til å fotografere på utsida idet statsministeren tek imot presidenten. Den same fotopoolen kan også fotografere inne ved starten av møtet. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 15.30. Oppmøtestad: Riddervoldsgate 2, inngang frå Parkveien.

Kl. 16.40: Statsministeren og presidenten held pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2.

Kl. 19.20: Statsministeren deltek i kongeparets gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket frå Polen.

Tysdag 24. mai
Kl. 13.00: Statsministeren er vert for ein regjeringslunsj på Akershus slott i høve den polske presidentgjestinga. Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 12.30. Ein fotopool med Scanpix, NRK eller TV2 og ein fotograf frå vekepressa kan arbeide innandørs idet gjestane går til bords.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 25. mai
Kl. 12.30: Statsministeren deltek og taler ved opninga av festspela i Bergen på Torgalmenningen. Statsministeren er tilgjengeleg for kommentarar rett etter opningsseremonien.

Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Bergen kommune si mottaking i samband med festspela i Bergen. Stad: Håkonshallen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 27. mai
Kl. 17.20: Statsministeren besøkjer bedrifta Harding Safety i Kvinnherad, der ho får ei orientering om drifta og også møter representantar for Hydro Husnes og Kvinnherad kommune. Adresse: Seimsvegen 116, 5472 Seimsfoss.

 

NATO-toppmøte i juli
Statsministeren deltek på NATO-toppmøtet i Polen 8. og 9. juli saman med utanriksminister Børge Brende og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Presse som ønskjer å dekke møtet må akkreditera seg via NATOs nettside. Frist for akkreditering er 23. juni. Også dei med permanent NATO-pressekort må akkrediterast.