Historisk arkiv

Zimbabwe-forskrifta er oppdatert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Forskrifta om særlege tiltak mot Zimbabwe og Burma er endra. Mellom anna er våpenembargoen mot både landa utvida.

Dette er dei viktigaste endringane i forskrift av 15. august 2003 om særlege tiltak mot Republikken Zimbabwe:
  • våpenembargoen er utvida til å omfatte finansiering og fagleg hjelp knytta til militært materiell og militære aktivitetar.
  • påbodet om frysing og forbodet mot å gjere tilgjengeleg midlar for listeførte personar, er utvida til å omfatte økonomiske ressursar som fast eigedom, lausøyre, immaterielle rettar mv.
  • samstundes er det innført ei rekkje unntak frå påbodet om frysing og forbodet mot å gjere tilgjengeleg midlar og økonomiske ressursar, mellom anna for dekking av nødvendige utgifter til mat og bustad.

Endringane er ei oppfølgjing av endringar EU har gjort i sine tiltak mot Zimbabwe etter at forskrifta vart vedteken, som Noreg og ei rekkje andre europeiske land har slutta opp om.

Brot på forskrifta er straffbart.

Endringane tek til å gjelde straks, og den reviderte forskrifta vil om kort tid vere tilgjengeleg på www.lovdata.no.