Historisk arkiv

Lanserte ungdomsnettverk mot valdeleg ekstremisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

I dag lanserte statsrådane Solveig Horne og Vidar Helgesen eit europeisk ungdomsnettverk mot valdeleg ekstremisme. Nettverket skal vere eit forum for dialog og ein plattform for deltakarar frå heile Europa til å jobbe saman mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

- Som minister med særleg ansvar for barn og unge, er eg stolt over at vi samlar unge menneske frå heile Europa som frivillig har engasjert seg sterkt i arbeid mot valdeleg ekstremisme. Å hindre unge menneske frå å bli rekruttert til valdeleg ekstremisme kan ikkje gjerast utan dei unge sjølve, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).

- Eg håper at konferansen vil bidra til at unge leiarar, organisasjonar og enkeltpersonar knyt kontaktar over heile Europa. Målet med ungdomsnettverket er å etablere ein plattform som kan vekse til eit globalt nettverk som kan gi viktige innspel til nasjonale styresmakter for å bekjempe valdeleg ekstremisme, seier statsråd Vidar Helgesen (H).

Noreg er eitt av to europeiske land som har tatt på seg oppgåva med å fylgje opp president Barack Obamas initiativ i februar, då han arrangerte eit toppmøte i Washington mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Konferansen vert arrangert i Oslo torsdag og fredag.

Ungdomsnettverket er eitt av initiativa under konferansen i Oslo. Radikalisering på nett og betydninga av religion er to av tema ungdommane skal diskutere. Google og Facebook er også blant aktørane som deltek. Nettverket og konferansen gjeld alle former for valdeleg ekstremisme. Meir enn 300 unge menneske og representantar frå styresmakter frå heile Europa deltek på konferansen for å meisle ut råd om korleis vi saman kan bekjempe valdeleg ekstremisme.