Historisk arkiv

Kunnskapsministeren til Bodø, Tromsø og Alta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Stad:

Torbjørn Røe Isaksen vil vere med på å rekruttere fleire unge til lærarutdanninga. Han vil og diskutere kva som må gjerast for å møte det store behovet for lærarar i Nord-Norge.

Kunnskapsministeren vil vere i Bodø og Tromsø tysdag 28. mars, og i Alta onsdag 29. mars. På kvar stad vil han møte regionale- og lokale skolepolitikarar, representantar frå skoleverket, frå lærarutdanninga og frå fylkeskommunen. Han vil også treffe elevar på vidaregåande skole eller lærarstudentar. 

Tysdag 28. mars i Tromsø: 

Klokken 16.30 – 18.00: Kunnskapsministeren møter blant andre ordførarar og folk frå skoleleiinga i Troms, og representantar frå Universitetet i Tromsø for å diskutere kva som må gjerast for å få fleire til å ta grunnskolelærarutdanninga, og for å jobbe som lærar i Troms etterpå.

Stad: Universitet i Tromsø – Norges arktiske universitet, Hansine Hansens veg 18, 9019 Tromsø. Hovedcampus. Teoribygget, hus 1, rom 1.441. 

Klokken 18.00 – 19.30: Kunnskapsministeren inviterer lærarstudentar og folk frå leiinga i kommunar i Troms til speed-date over pizza.

Stad: Universitet i Tromsø – Norges arktiske universitet, Hansine Hansens veg 18, 9019 Tromsø. Hovedcampus. Teoribygget, hus 6. Sjampanjekantina. 

 

Onsdag 29. mars i Alta: 

Klokken 09.30 – 10.30: Kunnskapsministeren blir med og rekrutterer elevar til lærarutdanninga – saman med studentambassadørar ved lærarutdanninga ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet, avdeling Alta.

Stad: Alta videregående skole, Skoleveien 15, 9510 Alta. 

Klokken 11.00 – 12.30: Kunnskapsministeren møter skoleeigarar, skoleleiingar og studentar for å snakke om kva som kan gjerast for å få fleire til å gå grunnskolelærarutdanninga. Og for at dei skal bu og jobbe som lærarar i Finnmark etterpå.

Stad: Universitet i Tromsø – Norges arktiske universitet, avdeling Alta, Follumsvei 39, Alta. 

Det vil være høve for journalistar å vere med på det som skjer alle stader, og til å intervjue kunnskapsministeren undervegs. 

Vi ber journalistar som ønsker å intervjue kunnskapsministeren kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Ragnhild Skaara Imset, tlf. 93435930, e-post: rask@kd.dep.no.