Historisk arkiv

Foreslår tilpassingar av enkelte pensjonsreglar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Regjeringa legg i dag fram eit forslag til tilpassingar i tidlegpensjonsordningane for sjømenn og fiskarar og enkelte andre ordningar til ny fleksibel alderspensjon i folketrygda frå 1. januar 2011.

Regjeringa legg i dag fram eit forslag til tilpassingar i tidlegpensjonsordningane for sjømenn og fiskarar og enkelte andre ordningar til ny fleksibel alderspensjon i folketrygda frå 1. januar 2011.

Regjeringa føreslår førebelse tilpassingar i tidlegpensjonsordningane for sjømenn og fiskarar til endra alderspensjon frå folketrygda frå 2011. Forslaget inneber mellom anna at sjømannspensjon og fiskarpensjon kan ytast fullt ut ved sidan av alderspensjon frå folketrygda, at det ikkje blir innført levealdersjustering av sjømannspensjon og fiskarpensjon, og at sjømannspensjon og fiskarpensjon under utbetaling skal regulerast som alderspensjon i folketrygda.

I proposisjonen blir også enkelte endringar føreslåtte i folketrygdlova som oppfølging av statsbudsjettet for 2011. For personar over 62 år blir det føreslått å innføre eit krav om inntektsbortfall for at ein skal ha rett til arbeidsavklaringspengar og uførepensjon. Kravet inneber at ein må ha hatt inntekt tilsvarande minst 1G (75 641 kr) det siste året før arbeidsevna blei nedsett, alternativt minst 3 G i løpet av dei tre siste åra. Kravet om inntektsbortfall fell likevel bort dersom personen ikkje har rett til uttak av alderspensjon, og heller ikkje mottek ytingar som attlevande ektefelle over eit visst nivå.

Dei nye reglane tar etter planen til å gjelde frå 1. januar 2011.

Prop. 18 L (2010-2011)