Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

1,4 milliardar til NAV-reforma og pensjonsreforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Samla blir det foreslått nær 1,4 milliardar kroner i 2007 til gjennomføring av NAV-reforma og etablering av nye IKT-løysingar i samband med pensjonsreforma. Av dette er 150 millionar kroner kompensasjon til kommunane for utgiftene deira i samband med NAV-reforma.

Pressemelding

Nr.: 112/5
Dato: 06.10.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Ulf Pedersen, 22 24 80 99, mobil 902 65 708

1,4 milliardar til NAV-reforma og pensjonsreforma

Samla blir det foreslått nær 1,4 milliardar kroner i 2007 til gjennomføring av NAV-reforma og etablering av nye IKT-løysingar i samband med pensjonsreforma. Av dette er 150 millionar kroner kompensasjon til kommunane for utgiftene deira i samband med NAV-reforma.

– NAV-reforma og pensjonsreforma er store reformer som gjeld mange menneske. Det er derfor særleg viktig at det blir lagt til rette for at reformene kan gjennomførast på ein best mogeleg måte, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

NAV-reforma
NAV-reforma skal gjennomførast innan utgangen av 2009 ved at kommunane og Arbeids- og velferdsetaten etablerer felles lokale kontor (NAV-kontor) som dekkjer alle kommunar i landet. NAV-kontora skal opprettast gjennom avtale mellom den einskilde kommunen og Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og velferdsetaten dekkjer oppgåvene til tidlegare Aetat og Trygdeetaten, medan dei kommunale tenestene som eit minimum skal dekkje økonomisk sosialhjelp, råd og rettleiing og arbeidet med individuelle planar.

·

Formålet med reforma er:

·
  • Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad.
  • ·
  • Enklare for brukarane og tilpassa brukarane sine behov.
  • Ein heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning.

I 2007 blir det tatt sikte på å etablere NAV-kontor i om lag 110 kommunar. Etablering av NAV-kontor som dekkjer dei resterande kommunane, blir gjennomført i 2008 og 2009.

Det blir foreslått løyvt 727 millionar til å dekkje statlege utgifter til NAV-reforma. Dette er ein auke på 31 millionar kroner i forhold til 2006. I tillegg er det innanfor veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren i 2007, om lag 100 millionar kroner som er kompensasjon til kommunane for auken i meirutgifter til NAV-reforma. Midlane for 2006 blir vidareført slik at i alt blir kommunesektoren kompensert med 150 millionar kroner i 2007. Tilskotet vil bli fordelt etter hovudnøkkelen i kommunane sine inntektssystem. I samarbeid mellom KS og Arbeids- og velferdsdirektoratet blir det utarbeidd ein rettleiar om kva utgifter som er venta at staten dekkjer, og kva utgifter kommunane skal dekkje.

Pensjonsreforma
For at pensjonsreforma skal kunne tre i kraft frå 2010, må det etablerast nye IKT-løysingar. Dei nye IKT-løysingane skal handtere både nye og gamle pensjonsreglar.

Regjeringa legg vekt på at brukarane på ein enkel og oversiktleg måte skal kunne få kunnskap om pensjonsvilkår og eigen pensjon. Som ein del av nye IKT-system blir det derfor lagt vekt på å utarbeide nye internettbaserte sjølvbetjeningsløysingar, kor brukarane blant anna vil få informasjon om opparbeidde rettar og forventa pensjon. Brukarane skal kunne bruke sjølvbetjeningsløysinga til å utføre berekningar og simuleringar av framtidig pensjon. På denne måten kan ein få oversikt over korleis pensjonen vil variere ved forskjellige tidspunkt for pensjonering, og med ulik grad av opptening.

IKT-prosjektet blir gjennomført i tre fasar: Fase 1 er forprosjekt som no er avslutta, fase 2 er nye IKT-løysingar med gammalt regelverk, og fase 3 er nye reglar i nye IKT-løysingar. IKT-prosjektet er eit langvarig prosjekt, og vil vare heilt fram til 2010, inkludert ein testperiode. Det bli no fremja eit forslag om å løyve 503 millionar kroner for 2007 til oppstart av hovudprosjektet for fase 2.

Til toppen