Historisk arkiv

Gratis kjernetid skal også omfatte fireåringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa vil frå hausten 2007 utvide ordninga med gratis kjernetid for alle barn i bydelane i Groruddalen og Søndre Nordstrand til også å omfatte fireåringar i desse bydelane.

– Ved å tilby gratis kjernetid i barnehagar i desse bydelane vil vi sikre at alle barna der får sjansen til å gå barnehage og dermed få ein lettare overgang til skulen, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Regjeringa har som mål at alle barn som er fødde og har vekse opp i Noreg skal snakke norsk før dei startar på skulen. Barn med minoritetsspråkleg bakgrunn er i dag sterkt underrepresenterte i barnehagane, noko som gjer at dei ikkje deltar på denne viktige læringsarenaen. 

I 2006 starta regjeringa i samarbeid med Oslo kommune forsøk med gratis kjernetid i barnehage for alle fire- og femåringar i bydel Stovner i Oslo. Det blei løyvd 10 millionar kroner til dette forsøket i 2006. I budsjettet for 2007 er det løyvd 26,5 millionar kroner til gratis kjernetid til alle femåringar i dei fire bydelane i Groruddalen og bydel Søndre Nordstrand i Oslo; det vil seie eit tilbod til dei barna som skal byrje på skulen i 2008. Det har vore ein føresetnad at gratis kjernetid for fireåringar blir eit tilbod i disse bydelane frå hausten 2007.  Regjeringa foreslår å auke løyvinga med ytterlegare 11 millionar kroner i 2007.

– Mange minoritetsspråklege barn vil no få tilbod om gratis kjernetid i barnehage. På det viset vil dei få høve til å bli tryggare i det norske språket før dei begynner på skulen. Samstundes vil eg oppmoda kommunane generelt til å vurdere eit slikt verkemiddel, seier statsråden.

Revidert nasjonalbudsjett 2007