Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Betrar rammevilkåra for kommunane ved busetting av flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa foreslår i Kommuneproposisjonen for 2008 å betre rammevilkåra for kommunane ved busetting av flyktningar med nedsett funksjonsevne.

– Vi endrar reglane for toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Det busettingsfremjande særtilskotet for flyktningar med alvorlege funksjonshemmingar eller åtferdsvanskar skal ikkje lenger trekkast frå ved utmåling av tilskot for ressurskrevjande tenester. Det busettingsfremjande særtilskotet er på inntil 700 000 kroner per brukar per år i inntil 5 år. Ei endring i ordninga der særtilskotet ikkje blir trekt frå når kommunane søker om det generelle tilskotet, vil betre rammevilkåra til kommunane vesentleg ved busetting av denne gruppa.

– Formålet med forslaget er å fremje raskare busetting av denne særskilte gruppa flyktningar. Endringa gjer at kommunane ikkje lenger risikerer å måtte dekke store utgifter sjølve i samband med flyktningar med nedsett funksjonsevne, seier statsråden.

Hanssen understrekar at rask busetting er særlig viktig i forhold til denne gruppa, som kan få eit betre tilpassa tilbod i kommunane enn det som er mogleg å gje dei når dei oppheld seg i mottak.

Revidert nasjonalbudsjett 2007

Til toppen