Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kvalifiseringsprogram for å få fleire i arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 236,5 millionar kroner til kvalifiseringsprogrammet i 2008. Programmet skal medverke til å redusere fattigdom, hovudsakeleg ved at fleire som står utanfor arbeidsmarkedet kjem i arbeid. Programmet er retta mot personar som ein meiner har ei mulegheit for å komme i arbeid gjennom tettare og meir forpliktande bistand og oppfølging.

Regjeringa foreslår å løyve 236,5 millionar kroner til kvalifiseringsprogrammet i 2008. Programmet skal medverke til å redusere fattigdom, hovudsakeleg ved at fleire som står utanfor arbeidsmarkedet kjem i arbeid. Programmet er retta mot personar som ein meiner har ei mulegheit for å komme i arbeid gjennom tettare og meir forpliktande bistand og oppfølging.

Forslag til lovbestemming for eit nytt kvalifiseringsprogram med ein tilhørande kvalifiseringsstønad vart lagt fram i juni 2007.

– Kvalifiseringsstønaden inneber at ein veit kva ein får, noko som gir stønadsmottakaren mulegheit til å planlegge eigen økonomi over tid. Kvalifiseringsstønaden skil seg frå økonomisk sosialhjelp ved at ytinga ikkje er økonomisk behovsprøvd. Kvalifiseringsprogrammet skal vere arbeidsretta og sett saman av tiltak som støttar opp under og førebur overgangen til arbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Ein legg vidare til grunn at deltakarane på kvalifiseringsprogrammet blir ein del av personkretsen for statleg bustønad. Derfor foreslår ein og å løyve 19 millionar kroner til dekning av økte utgifter til bustønad over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

Kvalifiseringsprogrammet rettar seg mot personar som har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, og med ingen eller svært avgrensa ytingar i folketrygda. Tilbodet handlar i stor grad om personar som i dag er avhengige av økonomisk sosialhjelp som hovudinntekt over lengre periodar.

Regjeringa har foreslått at ansvaret for ordninga blir kommunalt og at forvaltninga, i likskap med økonomisk sosialhjelp, blir lagt til NAV-kontoret. I fylgje forslaget skal NAV-kontora tilby kvalifiseringsprogrammet frå det tidspunktet lova trer i kraft. Føresett at Stortinget behandlar forslaget som planlagt, inneber det at dei første kommunane kan tilby programmet i løpet av 2007.

På statsbudsjettet for 2007 er det sett av 50 millionar kroner som skal fordelast til oppstart av kvalifiseringsprogram i dei kommunane som har NAV-kontor. For 2008 foreslår ein i alt 230 millionar kroner til fordeling i kommunane. I tillegg foreslår ein å løyve 5 millionar kroner til Sosial- og helsedirektoratet til forvaltning av ordninga, og 1,5 millionar kroner til evaluering.

Midla til kommunane vil i perioden fram til 2010 bli fordelt med utgangspunkt i sosialhjelpsnøkkelen i inntektssystemet for kommunane. I fordelinga blir det lagt inn eit fastledd, uavhengig av kommunens storleik. Det blir tildelt midlar til ordinær drift av programmet frå og med kvartalet etter at det er etablert NAV-kontor. I tillegg blir det tildelt midlar til førebuingar, tilsvarande eitt kvartals drift.

Til toppen