Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Meir enn 1,3 milliard kroner til NAV-reforma i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa ønskjer å legge til rette for at NAV-reforma kan gjennomførast på ein best muleg måte, og foreslår å løyve meir enn 1,3 milliard kroner til omstilling og gjennomføring i 2008.

Regjeringa ønskjer å legge til rette for at NAV-reforma kan gjennomførast på ein best muleg måte, og foreslår å løyve meir enn 1,3 milliard kroner til omstilling og gjennomføring i 2008.

– Måla med NAV-reforma er klare. Vi skal få fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad, og samstundes gjere det enklare for brukarane.  NAV-reforma er ei viktig organisatorisk reform for å skape ei heilskapeleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

– NAV-reforma betyr mykje for svært mange menneske som bruker Arbeids- og velferdsetatens tenester. Etaten er no inne i ein reformperiode der dei bruker monalege ressursar på omstilling og utvikling for å oppnå resultat på lengre sikt. Dei to neste åra vil derfor være ein krevjande gjennomføringsperiode for etaten, seier statsråden.

NAV-reforma blir gjennomført ved at Arbeids- og velferdsetaten og landets kommunar samarbeider som likeverdige partar om å etablere felles lokale kontor (NAV-kontor).

Ved utgangen av 2007 vil det vere etablert om lag 135 NAV-kontor. Ein tar sikte på å etablere 140 nye NAV-kontor i 2008 og 180 NAV-kontor i 2009. For å frigjere tid i det lokale NAV-kontoret, slik at dei kan arbeide tettare med brukarane og få fleire i jobb, vil Arbeids- og velferdsetaten i første halvår 2008 etablere 37 nye fylkesvise spesialeiningar for forvaltning. Spesialeiningane skal i første rekke ta seg av oppgåver som ikkje krev geografisk nærhet til brukarane.

I 2008 blir det stilt om lag 1 370 millionar kroner til rådvelde for gjennomføring av NAV-reforma. Fordelinga gir 1 120 millionar kroner til statlege utgifter og 250 millionar kroner til kommune­sektoren som kompensasjon for utgifter til gjennomføring av reforma.

 

Til toppen