Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Lettare å kombinere arbeid og pensjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Personar mellom 67 og 70 år får i dag avkorta pensjonen sin med 40 prosent av arbeidsinntekt over 2 G (133 000 kroner). Regjeringa foreslår no å fjerne avkortingsreglane for 67-åringar.

Personar mellom 67 og 70 år får i dag avkorta pensjonen sin med 40 prosent av arbeidsinntekt over 2 G (133 000 kroner). Regjeringa foreslår no å fjerne avkortingsreglane for 67-åringar.

– Regjeringa foreslår at 67-åringane fritt kan kombinere arbeidsinntekt og pensjon, utan at det fører til at pensjonen blir avkorta.  Det vi gjer her er å forskotere ein av dei største fordelane med pensjonsreforma. Ein foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2008, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Den sterke oppgangskonjunkturen i norsk økonomi har ført til stor etterspørsel etter arbeidskraft og ein markert nedgang i arbeidsløysa, og regjeringa arbeider med fleire tiltak for å auke tilgangen på arbeidskraft.

Eldre arbeidstakarar utgjer ein verdifull ressurs i arbeidslivet, og regjeringa ønskjer å stimulere denne gruppa til å stå lengre i arbeid. Personar mellom 67 og 70 år får etter dagens reglar avkorta pensjonen sin med 40 prosent av arbeidsinntekt som overstig beløp på to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Mange opplever reglane om inntektsprøving av alderspensjon som eit hinder for å fortsette i yrkesaktivt arbeid.

Forslaget om å fjerne avkortingsreglane for 67-åringar vil føre til utgifter på om lag 205 millionar kroner på årsbasis.

 

Til toppen