Historisk arkiv

Enklare for EØS-borgarar å arbeide i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa legg no fram forslag til endringar i utlendingslova som vil gjere det enklare for EØS-borgarar og familiane deira å opphalde seg og arbeide i Noreg.

Regjeringa legg no fram forslag til endringar i utlendingslova som vil gjere det enklare for EØS-borgarar og familiane deira å opphalde seg og arbeide i Noreg.

– Den sentrale endringa er at det noverande kravet om opphaldsløyve etter tre månader i Noreg, blir erstatta av ei enklare registreringsordning for EØS-borgarar.

Familiemedlemmer som sjølv er EØS-borgarar, registrerar seg på same måten. Ei anna viktig endring er at etter fem år samanhengande i Noreg får EØS-borgarar ein varig opphaldsrett, seier arbeids- og inkluderingsminster Dag Terje Andersen.

Lovforslaget følgjer opp stortingsmeldinga om arbeidsinnvandring og Noregs plikter no når EUs direktiv om retten EØS-borgarar og familiemedlemmane deira har til å ferdast og opphalde seg fritt i medlemslanda, er innlemma i EØS-avtalen. Familiemedlemmer som ikkje er borgarar av eit EØS-land, må søkje om opphaldskort etter tre månader i landet. Dei får også varig opphaldsrett etter fem år.

– Desse ordningane vil gjere det enklare å ta arbeid i Noreg og meir attraktivt å etablere seg for lengre tid, seier statsråden.

Elles fører lovforslaget i stor grad vidare og forbetrer føresegner som alt gjeld i dag. Til dømes byggjer reglane om utvising mye på gjeldande rett, men gir eit betre utvisningsvern for EØS-borgarane og familiemedlemmene deira enn i dag.

– Eg er glad det har vore så stor grad av semje i Stortinget både om stortingsmeldlinga og om direktivet, at det er mogleg å fremje endringsforslaga så raskt etter Stortingets vedtak, seier statsråd Dag Terje Andersen.