Historisk arkiv

Oppnemning av medlemmer til Utlendingsnemnda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har oppnemnd 311 medlemmer til Utlendingsnemnda (UNE). Nemndmedlemmene er oppnemnd for fire år frå 1. januar 2009.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har oppnemnd 311 medlemmer til Utlendingsnemnda (UNE). Nemndmedlemmene er oppnemnd for fire år frå 1. januar 2009.

– Dette er eit viktig bidrag til at vanskelege asylsaker, statsborgarskapssaker og andre utlendingssaker får eit korrekt resultat, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen i ein kommentar.

Av dei 311 nemndmedlemmene er 132 oppnemnde etter forslag frå humanitære organisasjonar. Resten er oppnemnde etter forslag frå Utanriksdepartementet, Juristforbundet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det har kome inn ein del nye nemndmedlemmer, og det er teke omsyn til at minst 40 prosent er av kvart kjønn og at det er ei geografisk spreiing blant nemndmedlemmene. Det er eit krav at alle er norske borgarar.

Regjeringa foreslo i statsbudsjettet tidligare i haust å styrke driftsbevillinga til UNE med 110 millionar kroner.

– Det er først og fremst sakshandsamingskapasiteten som regjeringa vil skal styrkast, nettopp for å kunne handtere det økte sakstilfanget i asylsakar, seier statsråden.

Nemndmedlemmene i UNE skal vere med å avgjere klager i asylsaker, statsborgarskapssaker og andre utlendingssaker som først er behandla i Utlendingsdirektoratet.

Liste over nemndmedlemmene (PDF)