Historisk arkiv

IA-avtalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Lovtolkninger og spørsmål til introduksjonsloven


Til Valle kommune v/ Guro Nordli Solbakk

gns@valle.kommune.no

Dykkar ref

Vår ref

Dato

 

05/160-17 HHE

27.05.05

Svar på spørsmål om fråversreglementet til introduksjonslova

Vi viser til e-post av 30. mars 2005 med spørsmål om fråversreglar for deltakarar i introduksjonsordninga. Du spør om deltakarar i introduksjonsordninga i Valle kommune som, på grunn av at Valle kommune er ei IA-bedrift, må halde seg til to lovverk, eit lovverk på norskundervisninga og språkpraksisplassen, og eit anna lovverk på arbeidsplassen.

Etter forskrift til introduksjonslova er deltakarane sikra rettar og plikter på eit nivå som svarer til reglar i arbeidslivet slik dei var før IA-avtalen. Deltakarar i introduksjonsordninga er ikkje å anse som tilsette på vanleg måte, og som følgje av dette er dei som hovudregel ikkje omfatta av IA-avtalen.

Vi vil her dele vårt svar i to ulike eksempel:

1. Ein deltakar med arbeid eller praksis i ei bedrift som er omfatta av IA-avtalen
Ein deltakar kan som ein del av introduksjonsprogrammet vere tilsett i ei IA-bedrift, eller han eller ho kan ha praksisplass i ei slik verksemd. Deltakaren må om han eller ho er tilsett og har ordinært arbeid som ein del av programmet, følgje reglane på arbeidsplassen, dette omfattar og IA-avtalen.

Om deltakaren er i praksis i ei IA-bedrift bør han eller ho følje reglene på arbeidsplassen dette er eit av fleire forhold i førebuinga til arbeidslivet.

2. Ein deltakar som berre er deltakar i introduksjonsordninga, dvs. som ikkje har arbeid eller praksis
Vi vurderer at den einskilde kommune kan gjere ei vurdering av om dei vurderer IA-avtalen som betre for deltakarar i introduksjonsordninga enn forskrifta til introduksjonslova. Bruk av IA-avtalen bør kunne erstatte reglane i forskrifta om eigenmelding, jf. kapittel 2 og 3. Dersom kommunen vurderer IA-avtalen som betre, kan dei gje råd om kva for eit lovverk dei vil at deltakarar i introduksjonsordninga skal halde seg til. Kommunen kan ikkje på nokon måte tvinge deltakarar til å følgje IA-avtalen, og med det seie frå seg sine rettar etter forskrift til introduksjonslova.

Felles for eksempla her er at den einskilde deltakar kan samtykke i at han eller ho ikkje vil krevje sine rettar etter forskrifta, men i stades vil følje hele eller delar av IA-avtalen. Den delen som kan vere mest aktuell i avtalen, er reglane om eigenmelding.

Det viktige for kommunen er at deltakarane gjer valet om ikkje å krevje sine rettar etter forskrifta, men i stades følgje IA-avtalens reglar med god kjennskap til kva dette inneber for dei i det daglege, at dei gjev eit informert samtykke. Om Valle kommune ynskjer at deltakarane skal følje IA-avtalen, eller få ein mogligheit til det, må dei for å følgje likskapsprinsippet i forvaltningslova, gje dette tilbodet til alle deltakarar i introduksjonsprogrammet i kommunen.

Med helsing

Ahmad Ghanizadeh e.f.
underdirektør

Hege Hov Eggen
rådgiver