Historisk arkiv

Handlingsplan for å redusere ulykker og skadar i EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

EU-kommisjonen vedtok 23. juni 2006 ein handlingsplan for å redusere ulykker og skadar blant EU-borgarar.

Handlingsplan for å redusere ulykker og skader i EU

EU-kommisjonen vedtok 23. juni ein handlingsplan for å redusere ulykker og skadar blant EU-borgarar. Ulykker og skadar er den fjerde største årsaka til dødsfall i Europa (235 000 dødsfall kvart år). Ulykker og skadar utgjer nesten 7 millionar sjukehusinnleggingar i året, er årsak til ca. 20 % av sjukefråværet og er hovudårsak til dødsfall blant barn og unge. Med "Communication on Actions for a Safer Europe" ønskjer Kommisjonen å gjere førebygging av ulykker til eit prioritert område i det noverande og dei framtidige folkehelseprogramma.

Lenke til EU-kommisjonen sine sider om handlingsplanen

Lenke til handlingsplanen – KOM(2006)328