Historisk arkiv

Foreslår nytt prinsipp i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Kva skal vera terskelen for at barnevernet skal ta over omsorga for eit barn? Dette diskuterer Raundalenutvalet i ei utgreiing som i dag vart overrekt barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken. Utvalet foreslår eit nytt prinsipp i barnevernet om at barnet si tilknyting skal ha forrang samanlikna med det biologiske prinsippet.

- Å skilje barn og foreldre er ei av dei vanskelegaste avgjerdene ein kan ta. Me må ha ein grundig og open diskusjon om når og korleis ein skal gjera dette. Utvalet gir oss eit godt grunnlag for å ta denne vanskelige og naudsynte diskusjonen, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

Foreslår å innføra nytt prinsipp

Det biologiske prinsippet er eit grunnprinsipp i barnevernlova. Prinsippet byggjer på at det er eit sterkt band mellom barn og foreldre som i seg sjølv har ein eigenverdi for barnet.

I utgreiinga foreslår utvalet at eit fjerde prinsipp om utviklingsstøttande tilknyting blir innført for å vurdera vanskelege saker i barnevernet. Utvalet skriv at forsking viser at kvaliteten og kontinuiteten i samspelet mellom barn og omsorgspersonane er svært avgjerande for barn si utvikling. Når ein skal avgjera val av bustad, samvær, tiltak og tilbakeføring i barnevernsaker, må det derfor leggjast stor vekt på tilknyting.

Prinsippet om utviklingsstøttande tilknyting skal ha forrang samanlikna med det biologiske prinsippet.
 
Utvalet anbefalar at overtaking av omsorg vert vurdert i høve til følgjande tre faktorar:

  • Om tilknytings- og relasjonskvaliteten mellom omsorgspersonane og barnet er utviklingsstøttande eller ikkje.
  • Kor alvorleg og varig omsorgssvikten er
  • Om omsorgpersonane sine eigenskapar er av varig eller forbigåande karakter

Utgreiinga på høyring

Utgreiinga vil bli sendt på brei høyring og vil og inngå i eit større arbeid med å utvikla barnevernet.
 
- Regjeringa er godt i gong med barnevernsløftet som består av tre delar, eit ressursløft, ny organisering og nye prioriteringar. Eg er opptatt av ei kunnskapsbasert utvikling av barnevernet og Raundalenutvalet sine tilrådingar vil vera ein viktig del av dette arbeidet. Rapporten skal raskt ut på brei høyring. I løpet av våren vil eg og senda forslag til lovendringar på høyring. Desse forslaga vil bli lagt fram for Stortinget til neste år, seier Lysbakken.
 
Utvalet foreslår endringar på fleire område innan barnevernet, både når det gjeld bruk av hjelpetiltak, tilsyn og tilbakeføring av barn til foreldre etter overtaking av omsorg. Utvalet har og fleire konkrete forslag til lovendringar.

Utvalet foreslår blant anna at:

  • Barnevernlova vert rettigheitsfesta
  • Familievernkontora får ansvar for foreldreomsorg, støtte og å følgja opp foreldre etter at barnet er plassert utanfor heimen.
  • Barnevernet i større grad skal ha fokus på tiltak som bedrar samspelet mellom foreldre og barn. Barnevernet må ha betre tilgang til tiltak som er dokumentert å verke i arbeidet med å styrkje foreldra sin omsorgskompetanse. 
  • Fylkesnemda kan gi pålegg om hjelpetiltak til foreldre for ein tidsavgrensa periode.
  • Statens helsetilsyn tek over tilsynet med fosterheimane.
  • Det i større grad vert forska på tersklar og tiltak som vert brukt i barnevernet. Utvalet anbefalar at det i særleg grad vert forska på born med minoritetsbakgrunn.
  • Adopsjon alltid vert vurdert i tifelle der born er tidleg og varig plassert i fosterheim.
  • Det bør gjerast ei utgreiing om ein familiedomstol kan erstatta dagens fylkesnemndordning.
  • Helse- og sosialtenesta vert pålagt eit ansvar for å varsla barneverntenesta om gravide mødre som har ein livsførsel som kan skada det ufødde barnet.
  • Det vert oppretta ei arbeidsgruppa som får i oppdrag å vurdera ein fosterheimsgaranti med forskrifter. Ein slik garanti skal innehalda tiltak som skal redusera ustabilitet i plassering i fosterheim. 


    Les Magne Raundalen sin presentasjon