Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Raundalen overleverer utgreiinga om det biologiske prinsippet i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken tek måndag 6. februar kl. 10.00 i mot utgreiinga om det biologiske prinsippet i barnevernet.

Det biologiske prinsippet gjer seg gjeldande når ein skal vurdera om ein skal hjelpa familien mens barnet bur heima, eller om det er til det beste for barnet å bu utanfor heimen for ein mellombels eller varig periode.

Utvalet sitt mandat har vore å koma med eit oppdatert fagleg grunnlag til bruk for politikkutvikling og for å skapa debatt om kva det biologiske prinsippet har å seia for dei avgjerdene som vert fatta i barnevernet.

Statsråd Lysbakken og leiar av utvalet Magne Raundalen svarar på spørsmål frå pressa etter overleveringa. Representantar frå utvalet vil og vera til stades under pressekonferansen.


Stad: Håndverkeren – Klubben. Rosenkrantzgate 7, 0159 Oslo. Inngang Kristian IV gate.

Tid: Måndag 06.02 kl. 10.00.

Les meir om utvalet sitt mandat og samansetning 

Til toppen