Historisk arkiv

Utvider fedrekvoten til 14 veker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa føreslår ei utviding av fedrekvoten med to veker til 14 veker. Dette styrkjer fedrane sine moglegheiter til å vere heime med barna når dei er heilt små. Den totale stønadsperioden vert føreslått utvida med to veker til 49 veker med 100 prosent dekning eller 59 veker med 80 prosent dekning.

-Fedrekvoten er eit av dei viktigaste tiltaka for å auke fedrane sitt uttak av foreldrepengar. Utvida fedrekvote bidrar til å fremme likestilt foreldreskap og betre likestillinga mellom foreldra i arbeidslivet, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

Regjeringa føreslår at stønadsperioden for foreldrepengar blir forlenga med to veker. Den totale stønadsperioden ved fødsel blir da 49 veker med 100 prosent dekning eller 59 veker med 80 prosent dekning. Dei to nye vekene blir øyremerka far. Fedrekvoten blir dermed utvida frå 12 til 14 veker.

Regjeringa føreslår at endringane skal gjelde for barn som er fødd eller adoptert frå og med 1. juli 2013. Stortinget har vedteke ei tydelegare tredeling av foreldrepengeperioden, som trer i kraft 1. juli 2013.

 -Tredeling inneber ein like stor kvote til mor og far etter fødsel, og ein felles del som dei kan dele som dei ønskjer. Om utvidinga i fedrekvoten blir vedteke, får kvar av foreldra ein kvote på 14 veker etter fødsel. Den felles delen blir på 18 veker om foreldra har valt 100 prosent dekning og 28 veker dersom dei har valt 80 prosent dekning, seier statsråd Inga Marte Thorkildsen