Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kraftig satsing på kompetanseutvikling – 150 nye stillingar til det kommunale barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa føreslår ytterlegare styrking av barnevernet i forslaget til statsbudsjettet for 2014. Mellom anna blir det føreslått auka satsing på kompetanseutvikling og 150 nye stillingar til det kommunale barnevernet. Satsinga i perioden 2010-2014 vil gi 1 000 nye stillingar som skal kome barnevernstenester med størst behov til gode.

Regjeringa føreslår ytterlegare styrking av barnevernet i forslaget til statsbudsjettet for 2014. Mellom anna blir det føreslått auka satsing på kompetanseutvikling og 150 nye stillingar til det kommunale barnevernet. Satsinga i perioden 2010-2014 vil gi 1 000 nye stillingar som skal kome barnevernstenester med størst behov til gode.  

 - Regjeringa er oppteken av at kvaliteten på tiltaka i barnevernet er god slik at barn og familiar som treng hjelp får rett hjelp i rett tid. For å auke kompetansen i barnevernet, føreslår regjeringa å løyve 12,5 millionar kroner til å styrkje finansieringa av barnevernspedagogutdanninga, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

For tre år sidan starta regjeringa barnevernsløftet, som betyr betre vern av barn gjennom fleire ressursar, ny organisering og styrking av barns posisjon. Det har blitt oppretta om lag 850 nye stillingar, og det er tilført en halv milliard øyremerka kroner. 

Regjeringa føreslår å løyve 5,5 millionar kroner til eit felles opplæringsprogram for ulike faggrupper i kommunane om å samtale med barn. Det blir også føreslått å løyve 9,5 millionar kroner til eit nasjonalt opplæringstilbod i handtering av undersøkingar i barnevernet, og det blir sett av midlar til å opprette ein modul retta mot leiing i barnevernsinstitusjonar på mastergradsnivå.

- Målet med styrkinga er å utvikle kvaliteten i utdanninga. Vi ønskjer meir robuste fagmiljø og tettare samarbeid med arbeidslivet, seier Thorkildsen.

Satsinga har god effekt

Talet på barn som får hjelp frå barnevernet har auka over fleire år. For å betre kommunane si evne til å gi barn og unge som treng hjelp frå barnevernet, øyremerkte derfor regjeringa til saman nær 0,5 milliardar kroner til det kommunale barnevernet i 2011, 2012 og 2013.

- Rapporteringar frå kommunane ber bod om at satsinga har god effekt. Satsinga har vore med på å snu ei negativ utvikling. Dei siste rapporteringane for 2012 viser ein nedgang i fristbrot. Fleire fosterbarn har tilsynsførar, og ein større del av barna har tiltaks- eller omsorgsplan, seier statsråden.

Det er også kommunar som ikkje klarer å overhalde alle krava i barnevernlova, og det er framleis store skilnader mellom kommunar. Regjeringa føreslår derfor å auke den øyremerkte løyvinga til det kommunale barnevernet med ytterlegare 85 millionar kroner for å dekkje utgifter i kommunane til mellom anna 150 nye stillingar i barnevernet og kompetansetiltak.

- Det er viktig med god oppfølging og godt regelmessig tilsyn for å ivareta barns rettstryggleik. Regjeringa føreslår å løyve 15 millionar kroner i 2014 for å erstatte dagens tilsynsførarordning med eit meir profesjonalisert og tydelegare kommunalt forankra tilsynsansvar, seier Inga Marte Thorkildsen.

Stadig fleire barn og unge har behov for hjelpetiltak, fosterheim eller institusjonsplass. Derfor  føreslår regjeringa å auke løyvinga til det statlege barnevernet med 275 millionar kroner for 2014.

For å sikre god fagleg oppfølging av fosterforeldre i kommunane, føreslår regjeringa 10 millionar kroner til å styrkje dei statlege fosterheimstenestene med nye stillingar. På denne måten kan ein i større grad tilby grupperettleiing til fosterforeldre.

Til toppen