Historisk arkiv

Utvider fedrekvota til 14 veker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa utvider fedrekvota med to veker til 14 veker. Dette styrkjer fedrane sine moglegheiter til å vere heime med barna når dei er heilt små.

 – Før fedrekvota vart innført tok omtrent to prosent av fedrene ut foreldrepermisjon. Nå nytter omtrent 90 prosent av fedrene seg av rettane sine. Ordninga har gitt menn moglegheit til å vere meir saman med barna sine, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

Stønadsperioden for foreldrepengar vert forlenga med to veker. Den totale stønadsperioden ved fødsel blir då 49 veker med 100 prosent dekning eller 59 veker med 80 prosent dekning. Dei to nye vekene blir øyremerka far. Fedrekvota blir dermed utvida frå 12 til 14 veker.

– Ei ordning som gir far rett til ein øyremerka del av perioden sikrer far eit forhandlingskort overfor arbeidsgivar, og også overfor mor som i nokre tilfelle ønskjer perioden for seg sjølv, seier Inga Marte Thorkildsen. – Utvida fedrekvote bidreg til å fremme likestilt foreldreskap og betre likestillinga mellom foreldra i arbeidslivet.

 

Regjeringa føreslår at endringane skal gjelde for barn som er fødd eller adoptert frå og med 1. juli 2013. Stortinget har vedteke ei tydelegare tredeling av foreldrepengeperioden, som trer i kraft 1. juli 2013.

 Tredeling inneber ein like stor kvote til mor og far etter fødsel, og ein felles del som dei kan dele som dei ønskjer. No får kvar av foreldra ein kvote på 14 veker etter fødsel. Den felles delen blir på 18 veker om foreldra har valt 100 prosent dekning og 28 veker dersom dei har valt 80 prosent dekning.