Historisk arkiv

Betre samarbeid mellom tenester for utsette barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

- Færre skal oppleve å gå frå dør til dør

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal greie ut korleis ein betre kan samordne tenester for utsette barn og unge. Utvalet blir leia av direktør for samfunnspolitisk avdeling i arbeidsgjevarforeininga Spekter, Lars Erik Flatø.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal greie ut korleis ein betre kan samordne tenester for utsette barn og unge. Utvalet blir leia av direktør for samfunnspolitisk avdeling i arbeidsgjevarforeininga Spekter, Lars Erik Flatø.

-Regjeringa ynskjer at barn, unge og foreldra deira skal oppleve å ha ”ei dør inn” i møte med det offentlege tenesteapparatet, og utvalet skal greie ut korleis vi kan få til dette, seier Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

-Barn og unge med store problem treng hjelp frå fleire tenester. Noen barn opplev å bli sendt frå den eine offentlege tenesta til den andre, utan å få skikkeleg hjelp, klargjer Barne- og familieminister Anniken Huitfeldt.  -Noen barn får hjelp frå fleire instansar, men hjelpa er ikkje godt nok samordna. Behovet for eit heilskapleg tilbod til barn og unge er difor stort. Målet vårt er at færre skal oppleve å måtte gå frå dør til dør, legg statsråd Huitfeldt til.

Både fyrste- og andrelinetenesta gjev hjelp til utsette barn og unge. Tradisjonelt har andrelinetenesta ein meir spesialisert kompetanse og kan gje råd og vegleiing til det kommunale tenesteapparatet. Kulturskilnader, motstridande målekriterium, samt skeiv maktbalanse i dei ulike tenestene kan hindre samarbeid. For å gje heilskapleg hjelp tidleg nok må vi utvikle eit betre samarbeid mellom tenestene, både på statleg og kommunalt nivå.

Utvalet skal særleg greie ut korleis dei kommunale tenestene kan organiserast meir systematisk, og korleis ein kan få til eit meir forpliktande samarbeid tenestene i mellom. I tillegg skal utvalet sjå på korleis samarbeidet mellom kommunale og statlege tenester som gjev hjelp til utsette barn og foreldra deira kan bli betre.

Oppnemning og samansetjing av utvalet

Utvalet må ivareta mange perspektiv. God kjennskap til offentleg forvaltning både på statleg og kommunalt nivå, samt innsikt i dei ulike tenesteområda er viktig. Det er naudsynt at fagkunnskap om barnevern, psykisk helsevern, rus, skule, politi, førebyggjande arbeid retta mot barn og unge, samt kunnskap om oppvekst- og levekår blir reflektert i utvalet. Det er også viktig at problemstillingar knytt til minoritet/ kultursensitivitet blir ivareteke. Kunnskap om små og store kommunar sin situasjon må dekkast. Det same gjeld tenester på statleg nivå.

For å sikre at dei mange ulike perspektiva og interessene knytt til dette arbeidet kjem fram og blir teke hand om på ein god måte i arbeidet, vil departementet difor også oppnemne ei referansegruppe av representantar frå andre departement knytt til dette saksfeltet.

Likestillingslovens krav til kjønnsrepresentasjon er ivareteke. Utvalet skal legge fram sitt arbeid for Barne- og likestillingsdepartementet i form av ein NOU innan utgangen av 2009.

Utvalet sin samansetnad

Leiar:
Lars Erik Flatø, direktør for samfunnspolitisk avdeling i arbeidsgjevarforeininga Spekter, Oslo


Medlemmer:
Svein Ludvigsen, Fylkesmann i Troms, Tromsø
Geir Kjell Andersland, direktør, Bergen
Eva Kahn, direktør, Oslo 
Thomas Koefoed, rektor, Asker
Kirsten Djupesland, barne – og ungdomspsykiater, Kristiansand
Hilde Rakvaag, sosial – og barnevernsleiar, Vega
Geir Tveit, politioverbetjent, Oslo
Randi Talseth, generalsekretær, Oslo