Historisk arkiv

Nasjonal minnestad etter åtaket på Utøya 22. juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Regjeringa har beslutta at det skal etablerast ein nasjonal minnestad på Sørbråten i Hole kommune etter åtaket på Utøya 22. juli 2011.

Minnestaden vil bli etablert på Sørbråten, området skravert med raudt på biletet. <a href="http://www.regjeringen.no/imgpreviews/00/00/03/40/34013_full.jpg">Last ned større versjon av biletet.</a>

Regjeringa har beslutta at det skal etablerast ein nasjonal minnestad på Sørbråten i Hole kommune etter åtaket på Utøya 22. juli 2011.

Sørbråten er valgt etter ei vurdering av ulike alternativ. Staden ligg nært, og med god utsikt til Utøya, og både AUF og Nasjonal støttegruppe etter 22. juli-hendingane er tatt med på råd i prosessen fram mot avgjerda.  

- Eg er glad for at vi har funne ei fin og verdig plassering for den nasjonale minnestaden for åtaka på Utøya, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.
- Eg er spesielt takksam for den gode dialogen med dei pårørande, og eg trur Sørbråten vil bli ein god stad å kome til for å minnast dei som miste livet på Utøya 22. juli 2011.

Statsbygg vil på vegne av staten inngå ein avtale med grunneigaren om leige av området som skal takast i bruk. Det blir inngått ein langsiktig leigeavtale på 50 år, med høve til å forlenge perioden. Det skal også opparbeidast ein gangveg til sjølve minnestaden.

KORO har det kunstneriske ansvaret og vil lyse ut ein konkurranse for utforminga av minnestaden. 

Statsbygg vil no gå i dialog med kommunen om regulering av eigedomen. Etter planen vil minnestaden vere ferdig til sommaren 2015.  


Kartskise over minnested med adkomstvei og parkering (Statsbygg)
 Flyfoto av Sørbråten med tomtegrenser markert i rødt, parkering marker med blått.
Flyfoto av Sørbråten med tomtegrenser markert i rødt, parkering marker med blått.(Statsbygg)

Last ned større versjon av biletet.