Historisk arkiv

Dagens tenestemannslov blir vidareført

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 53/2005
Dato: 10.11.2005

Kontaktperson:

Informasjonssjef Jan-Egil Nyland, tlf. 916 91 014
Ekspedisjonssjef Finn Melbø, tlf. 22 24 48 80

Dagens tenestemannslov blir vidareført

Regjeringa foreslår at Stortinget opphever lovvedtaket frå juni om statens embets- og tenestemenn før lova trer i kraft ved årsskiftet. Fornyingsminister Heidi Grande Røys viser til at Stortinget vedtok omfattande endringar i forhold til den gjeldande lova utan at desse blei tilstrekkeleg vurderte og drøfta på førehand. I 2006 tek Regjeringa sikte på å få ei grundig vurdering av lova, og vil bl.a. trekkje dei tilsette sine organisasjonar med i desse drøftingane.

– Det vil såleis ikkje bli gjennomført ei harmonisering av stillingsvernreglar mellom statleg sektor og resten av arbeidslivet no. Reglane i Tenestemannslova vil bli vidareførte. Ordningane for medverknad i tilsetjingsprosessane og ventelønsordninga som har vore eit viktig element i fleire krevjande omstillingsprosessar i staten, vil heller ikkje falle bort frå nyttår, seier statsråd Grande Røys.