Historisk arkiv

IKT-ministeren inviterer til debatt - legg fram stortingsmelding om IKT

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Det er på tide å skape eit breitt og samla offentleg ordskifte om IKT. Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys legg fram Noregs fyrste breie og heilskaplege stortingsmelding om IKT-politikk.

Det er på tide å skape eit breitt og samla offentleg ordskifte om IKT. I dag legg Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys fram Noregs fyrste breie og heilskaplege stortingsmelding om IKT-politikk. - IKT skal bidra til vekst og nyskaping, samtidig som det skal gjere kvardagen enklare for oss alle, seier Grande Røys.

- Ved å gje IKT-politikken ei klarare retning kan vi bevare og vidareutvikle velferdssamfunnet og dei gode ordningane vi alle kjenner, samstundes som vi møter utfordringane IKT gjer oss i møte. Eg ønskjer å lyfte IKT-politikken høgt på den politiske dagsordenen og få til ein brei offentleg IKT-debatt, seier Grande Røys.

Stortingsmeldinga lanserer ei rekkje tiltak, både for å fremje bruken av IKT og for å sikre at alle blir inkluderte i det digitale samfunnet.

Tiltaka for å samordne og inkludere
Regjeringa vil ha ei samordning av offentlege IKT-system. Dette vil gje økonomiske gevinstar for kommune-Noreg, noko som vil frigje midlar til viktige velferdstenester som helse og utdanning.

Viktige tiltak kjem også i arbeidet med digital inkludering. Regjeringa vil prioritere arbeidet med å sikre alle elevar og lærarar digital kompetanse, og sjå til at dette vert gjennomført i tilknyting til innføringa av Kunnskapsløftet.

Regjeringa føreslår vidare at alle nye offentlege nettstader skal ha universell utforming, og vil passe godt på at dette blir følgt opp, blant anna ved at arbeidet med kvalitetsvurdering av offentlege nettstader vert trappa opp.

- Eg ønskjer at informasjonssamfunnet skal vere inkluderande og omfatte alle. Dette er ikkje berre ei hjartesak for regjeringa, men det er óg tvingande nødvendig. IKT kan skape og utjamne skilnader, og difor er det nødvendig med bevisste politiske val, seier fornyingsministeren.

Styrking av IKT som forskingsområde
Skal Noreg framleis hengje med i verdstoppen må det bli satsa på forsking. Dette vil vere nøkkelen til vidare framgang. Dei siste åra har IKT-forskinga lide under låge overføringar. Slik skal det ikkje vere. Regjeringa har difor bestemt at IKT -forskinga skal få ein større del av dei eksisterande FoU-midlane enn i dag. Forsking er viktig for at den innovative næringsutviklinga i Noreg skal fortsette inn i framtida.

- Norske miljø er flinke til å ta teknologien i bruk. Regjeringa vil sørgje for gode rammevilkår som bidreg til vidare innovasjon og nyskaping i IKT-næringane. Sidan IKT speler ei nøkkelrolle innanfor dei aller fleste næringar, både private og offentlege, så er dette eit suksesskriterium. Lukkast vi her, vil det ha effekt for heile samfunnet, seier Grande Røys.

IKT skal fornye offentleg sektor
- Skal offentleg sektor kunne tilby døgnopne tenester, må alle ha både høve til og kunnskap om å bruke IKT-verkty. Derfor må vi redusere forskjellane i samfunnet. Når vi set nye løysingar ut i livet må vi tenkje openheit og samordning, seier Grande Røys og legg vekt på at dette er store tema i stortingsmeldinga.

Stortingsmeldinga varslar at regjeringa legg vekt på at prinsippet om opne standard skal liggje til grunn for val av offentlege IKT-løysingar. Det må ikkje vere slik at somme ikkje får tilgang til offentleg informasjon fordi dei bruker ei anna programvare enn det offentlege gjer. I tillegg skal det takast i bruk fleire fellesløysingar i offentleg sektor. Regjeringa opprettar og eit nasjonalt kompetansemiljø for open kjeldekode.

Det er unødvendig at kvar kommune eller kvar etat utviklar sine eigne løysingar på felles utfordringar.

- Vi må lære av kvarandre, samtidig som vi vil stille klare krav til at IKT-system i offentleg sektor ikkje ekskluderer nokon. Vi vil at brukarane skal kommunisere med offentleg sektor uavhengig av kva teknologiplattform eller programvare dei har, seier fornyingsministeren.

Ein eigen personvernkommisjon
I stortingsmeldinga slår regjeringa fast at det vil bli oppretta ein personvernkommisjon som skal vurdere om personvernet er godt nok verna i dagens høgteknologiske samfunn.

- Personvernet blir utfordra på ein ny måte i informasjonssamfunnet, og eg meiner behovet er til stade sin for å vurdere om den nye teknologien som omgir oss stadig meir fører til eit behov for å endre oppfatninga vår av personvern og datatryggleik. Personvernkommisjonen vil få som oppgåve å vurdere lover og reglar samtidig som målet også er å skape ein brei offentleg debatt om personvern, siger fornyingsministeren.

Meir vekst og betre velferd
- Utforminga av informasjonssamfunnet er ei stor utfordring, og difor meiner eg det er på tide å skape eit breitt og samla offentleg ordskifte om IKT Med denne stortingsmeldinga set vi kursen for IKT-politikken i tida framover. Vi skal sørgje for at vi kan bevare og vidareutvikle det velferdssamfunnet vi kjenner, men vi skal og vere villige til å endre oppfatning av kva løysingar vi vel i takt med at samfunnet endrar seg, seier fornyingsministeren.

www.regjeringen.no/informasjonssamfunn

St.meld. nr. 17 (2006-2007) Eit informasjonssamfunn for alle

Kortversjon av meldinga i PDF-format

Videooverføring av pressekonferansen På grunn av vanskelige forhold har videoen redusert kvalitet.

www.fad.dep.no/informasjonssamfunn