Historisk arkiv

Prior får behalde Norgården

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 4/2006
Dato: 06.02.06
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Steinar Undrum tlf: 22 24 48 16 eller seniorrådgiver Ragnvald Berggrav tlf: 92 45 53 37

Prior får behalde Norgården

Fornyingsminister Heidi Grande Røys opprettheld Konkurransetilsynet sitt vedtak vedkommande Prior sitt kjøp av Norgården. Men i samråd med landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen har ho likevel komme til at tungtvegande landbrukspolitiske omsyn gjer at oppkjøpet bør tillatast.

Prior kjøpte i mars 2005 alle aksjane i Norgården. Norgårdens aksjepost på 70,4 % i selskapet Eggprodukter var ein del av oppkjøpet.

Norgården er Prior sin største konkurrent i marknaden for konsumegg. Prior aukar dermed sin del av marknaden for sal av slike egg frå ca 60 til ca 75 %. Det er små utsikter for andre aktørar til å utfordre Prior, mellom anna fordi dei er avhengige av egg frå Prior for å konkurrere om avtalar med daglegvarekjedene. I marknadene for eggprodukt får Prior kontroll over nær 100% av omsetninga av egg som vert nytta i næringsmiddelindustrien. Prior sitt oppkjøp av Norgården forsterkar difor ei allereie sterk avgrensing av konkurransen i begge desse marknadene.

Etter konkurranseloven skal Konkurransetilsynet gripe inn mot fusjonar og oppkjøp dersom dei fører til vesentleg dårlegare konkurranse. Tilsynet la derfor i fjor haust ned forbod mot oppkjøpet og påla Prior å selje aksjane til ein kjøpar som er uavhengig av Prior. Sistnemnde klaga vedtaket inn for Fornyings- og administrasjonsdepartementet som etter loven berre kan omgjere vedtaket ut frå reine konkurransefaglege vurderingar. Departementet sluttar seg til Konkurransetilsynet sine vurderingar i si handsaming av klaga og opprettheld vedtaket.

Etter konkurranselova kan likevel Kongen i statsråd tillate oppkjøp som Konkurransetilsynet har gripe inn mot, dersom saka er av stor verdi for fellesskapet. Statsråd Grande Røys meiner dette er ei slik sak fordi oppkjøpet er med på å ivareta viktige landbrukspolitiske omsyn. Det gjeld særleg målet om å oppretthalde både ein norsk produksjon av egg og inntektene til eggprodusentane når importkonkurransen aukar som følgje av WTO-forhandlingane. Fornyings- og administrasjonsministeren har difor i samråd med landbruks- og matministeren komme til at desse omsyna veg tyngre enn dei konkurransepolitiske. Grande Røys vil difor så snart som mogleg fremje forslag om at Kongen i statsråd tillet Prior å kjøpe Norgården.