Historisk arkiv

Prior må selje Eggprodukter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 6/2006
Dato: 10.02.06
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Steinar Undrum tlf: 22 24 48 16 eller seniorrådgiver Ragnvald Berggrav tlf: 92 45 53 37

Prior må selje Eggprodukter

Regjeringa har i dag bestemt at Prior Noreg får kjøpe konkurrenten Norgården. For å avgrense dei konkurranseskadelege verknadene må Prior sørgje for at Norgårdens aksjar i selskapet Eggprodukter blir seld, og lova å forsyne denne verksemda med råstoff.

Prior kjøpte i mars 2005 alle aksjar i Norgården. Verksemda sin aksjepost på 70,4 % i selskapet Eggprodukter var ein del av oppkjøpet.

Konkurransetilsynet har tidlegare funne at Priors oppkjøp av Norgården vart ramma av konkurranselova.

Tilsynet påla følgjeleg Prior å selje alle aksjane sine i selskapet, ei avgjerd Prior klaga inn for Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Tidlegare i denne veka slutta departementet seg til Konkurransetilsynets vedtak på fagleg grunnlag. Samtidig vart det varsla at Regjeringa ønskte å omstøyte avgjerda på grunnlag av tungtvegande landbrukspolitiske omsyn. Etter konkurranselova kan Kongen i statsråd i saker av prinsipiell eller stor verdi for fellesskapet tillate oppkjøp som Konkurransetilsynet har gripe inn mot.

Prior eig allereie den største eggproduktprodusenten i Noreg. For å redusere dei konkurranseskadelege verknadene av Priors oppkjøp, er det derfor sette som vilkår at Prior må sørgje for at Norgårdens aksjar i selskapet Eggprodukter AS blir selde. I tillegg blir Prior pålagt å forsyne Eggprodukter AS med råstoff som erstatning for råstoff frå Norgården. Samla vil vilkåra sikre at konkurransen i marknaden for eggprodukt halder fram.


Se også: