Historisk arkiv

Digital inkludering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Statsråd Grande Røys var invitert til å halde opningsforedraget på årets OXLO-konferanse og fokuserte i innlegget sitt på kor viktig digital inkludering er i dagens samfunn.

Eg vil aller først få lov til å takke arrangøren, Oslo kommune ved Enhet for mangfold og integrering (EMI), for at eg fekk komme hit i dag. Mangfald og integrering er eit tema som er viktig av mange grunnar, for mange menneske, og det gjeld alle samfunnsområde. Vi veit at det ofte er lokalt endringar skjer og tiltak må skje, og det gjer Oslo glimrande, gjennom initiativ som t.d Oxlo-uka.

I fylgje programmet for konferansen er nokre av dei sentrale spørsmåla her i dag:
- Er alle med?
- Kva skjer når ikkje alle er med?
- Kva kan gjerast?

Dette er spørsmål som er sentrale utgangspunkt òg for regjeringa sin politikk og som eg skal prøve å svare på i mitt innlegg. Vi set mangold og inkludering høgt på den politiske dagsordenen

Mitt poeng her i dag er at IKT-politikk handlar om tema som samarbeid, om organisering, om kompetanse, om fornying, om tillitt, om inkludering og ekskludering, og om å henge med i ei utvikling som held fram med uforminska kraft og tempo. Eit av dei viktigaste spørsmål er korleis vi alle meistrar eit samfunn som i aukande grad blir påverka av ny teknologi og nye tenester. Det gir oss på den eine sida enorme moglegheiter, men på den andre sida så fører det med seg utfordringar som vi må ta på alvor.

Utviklinga innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi går i eit stadig høgare tempo. Alle dei nye tenestene kan for mange framstå som ubegripelege og framandgjerande, og dei kjem inn i alle samfunnsområde.

Offentleg sektor må heile tida fokusere på korleis vi kan fornye oss, i tråd med innbyggarane sine forventingar. Teknologi er sentral i denne utviklinga. Til dømes, når vi ser korleis forsikrings- og banksektoren har teke i bruk Internett og IKT-løysingar i sine tenestetilbod, kvifor skal ein ikkje forvente det same frå offentleg sektor? Når vi kan tinge lån og betale rekningar på nettet, kvifor kan vi ikkje levere flyttemelding via nettet, eller søke om pass på nettet, eller stemme ved val, for den saks skuld?

Offentleg sektor må ta i bruk dei moglegheitene IKT gir for betre tenester og smartare organisering og samarbeid. Dette er mellom anna utgangspunktet for innbyggjarportalen MiSide; ein felles inngangsportal til offentlege tenester på nett, som eg lanserte i fjor.

Det er ikkje berre noko vi gjer fordi vi synes det er så spennande med ny teknologi. Vi er heilt avhengige av at vi løyser oppgåvene innanfor offentleg sektor på ein betre, smartare og meir effektiv måte. Det handlar om nye behov, og IKT er både eit verkty og ein drivkraft for dette.

La meg ta eit anna døme, skulen; Å nytte digitale verkty er, som følgje av innføringa av Kunnskapsløftet i fjor haust, integrert i læreplanane, på linje med skriving, lesing og rekning. Bruk av IKT i undervisninga er ikkje noko nytt . Mellom anna vitja eg og finansminister Kristin Halvorsen i januar Holmlia skule, som er ein av dei få skulane som tar i bruk podcasting i undervisninga, det vil seie å overføre læremidlar i form av lyd eller video over på ipodar eller tilsvarande utstyr. Dette eit opplegg som har vist seg viktig i språkopplæringa.

Til sist, arbeidslivet; Kompetanse i å nytte IKT kan både vere ein kvalifikasjon for å komme inn i arbeid og ein faktor som gjer at ein fell utanfor arbeidslivet. For dei som slit med å finne seg ein jobb, kan mangel på digital kompetanse vere ein av årsakene. I tillegg er tilgang til Internett og e-post nesten naudsynt for å halde seg orientert om arbeidsmarknaden og potensielle arbeidsgjevarar. Vi ser òg at mangel på oppdatert kompetanse i arbeidslivet på IKT-feltet kan vere ein årsak til at særleg for eldre sluttar tidlegare enn dei elles hadde tenkt, i arbeidslivet.

Poenget er at IKT og digitale verkty er nær sagt overalt og konsekvensane av å ikkje ha tilgang og kompetanse blir stadig større. Difor gjer vi noko med det! Vi må sikre at alle innbyggjarane i dette landet har digital kompetanse.

I regjeringa si politiske plattform, Soria-Moria-erklæringa står det at: ”alle må få tilgang til kunnskap og innsikt som gjør det mulig å delta i de demokratiske prosessene”.
Det betyr at ingen skal stå utanfor på grunn av alder, geografi og økonomi.

Samfunnet blir i aukande grad digitalisert. Kva betyr det ? På den eine sida, betre og meir relevante elektroniske tenester frå det offentlege. Bra, seier dei fleste av oss! På den andre sida. Har du ikkje tilgang til eller kompetanse til å bruke Internett og andre løysingar, kan IKT forsterke barrierane frå å delta i samfunnet.

IKT spelar ei viktig rolle i skulen. Men kva for utfordringar fører dette til for foreldra? Vi veit at skulane er avhengige av å ha dialog med foreldra eller føresette om barna si utvikling. Vi veit at nesten alle skulane nytter e-post og Internett som kommunikasjonskanal med heimen, det betyr at òg foreldra må kunne meistre det for å hengje med. Det er ikkje alltid hyggeleg å måtte seie frå om at ein treng papirversjonar av ting, når alle dei andre ser ut til å nytte internett.

Sjølv om ny teknologi på mange måtar berre er eit verkty, er det òg så mykje meir. Det har sprengkraft i seg til å endre måten vi jobbar på, lærer på, held kontakten med familie og venner på. Vi har, det som har blitt sagt ”the information at our fingertips”. Vi kan gå vidare å seie at vi har ”the world at our fingertips”. Vi veit at spesielt mange med minoritetsbakgrunn nyttar nettet aktivt for å halde kontakt med familie og vener rundt om kring.

Dette er òg bakteppet for ei stortingsmelding eg la fram i fjor. Stortingsmeldinga handlar om korleis vi kan bruke IKT i samfunnsutviklinga, og korleis vi kan bruke IKT til å fornye offentlige forvaltning. Sjølv om Noreg ligg i verdstoppen med omsyn til utbreiing av IKT i samfunnet, er den norske digitale kvardagen framleis ikkje for alle. Vi ser at dei eldre og dei med lågare utdanning og inntekt hengjer etter. Digitale skilje fylgjer dei sosiale eller økonomiske skilja i stor grad.

Kompetanse og inkludering er viktig i vårt verdisyn, men det er òg samfunnsøkonomisk lønnsamt at flest mogleg deltek aktivt i samfunnet generelt og i informasjonsamfunnet. Det betyr at vi alle har eit ansvar for og speler ei rolle i dette, både innafor offentlig og privat sektor, og, ikkje minst, frivillige organisasjonar.

På mange område er vi på riktig veg, men vi må halde fram arbeidet for å inkludere alle i kunnskapssamfunnet. Difor vil regjeringa setje i verk fleire konkrete tiltak:

For det første; Vi må alle, både politikarar og andre, ”henge med” så godt vi kan, i utviklinga. Og utvikinga på dette feltet går fort. Det vert sagt at det vert oppretta ein blogg eit eller anna sted i verda kvart sekund. Det er om lag 100 millionar nedlastingar frå YouTube kvar dag. Nettstaden MySpace får 350 000 nye brukarar kvar dag. Det er 2,5 milliardar søk på Google kvar dag, 15-20 millionar av dei berre i Noreg. Og vi har tenester som Flickr, Wikipedia og Facebook.

Det er viktig å forstå desse trendane. Problemstillingane og konsekvensane kan òg for mange av oss synest både alvorlege, men òg uklare, noko debattane rundt YouTube og Facebook, mellom anna knytta til personvern, viser. Då er det viktig med god kunnskap.

Derfor har vi sett i gang eit arbeid med å sjå nærare på dei nye brukarmønstra og teknologiske tenestene. Kva betyr det for vår tenesteyting og politikkutvikling. Eg har tidligare snakka om openheit, medverknad og inkludering som viktige element i politikken. Er det noko vi kan lære frå nye digitale verkty og tenester, og ikkje minst frå ungane sin bruk av desse?

Det har blitt sagt at det vi no står midt oppe i er at no er det “fyrste gongen borna er autoritetar i noko viktig”, eller direkte sitert; ” This is the first time in human history when children are authorities on something really important.” – ”Today young people are authorities on the digital revolution that is changing every institution in society.” (D. Tapscott).

Det er nok langt på veg ein riktig observasjon, men vi veit òg at er det noko mange born ikkje er autoritetar på, er det som ofte vert kalla ”digital dømmekraft”. Digital dømmekraft handlar om korleis ein vurderer all den informasjonen ein finn på Internett, mellom anna i forhold til kjeldekritikk, men ikkje minst, kva vi meiner om det å leggje ut informasjon om oss sjølv og andre i form av til dømes bilete og video. Dette er tema som spesielt barn treng å kunne snakke med vaksne om, og der spelar foreldre sjølvsagt ein viktig rolle. Difor må vi alle bli gode på data, ikkje berre barn.

For det andre: Eg nemnte bruken av IKT i undervisninga og skulen, og at dette òg står formelt i læreplanane. Dette betyr at det er naudsynt at òg vaksne og foreldra kan inkluderast i dette. Ei gruppe som vi trur treng meir merksemd i denne samanhengen er kvinner med minoritetsbakgrunn. Det å kunne ta aktivt del i barna sin skulegang er ikkje den einaste grunnen til eit slikt initiativ. Vi snakkar òg om føresetnaden til fullverdig deltaking i arbeidslivet. Vi snakkar om det å kunne vere ein aktiv samfunnsborgar og aktivt ta dei i dei rettigheitar og pliktar ein har i eit stadig meir digitalt tenestetilbod. Det er altså mange grunner til eit slikt fokus. Ikkje minst er det viktig å utløyse dei ressursane som fins hos denne gruppa.

Digital inkludering er ikkje berre noko vi diskuterer her i Noreg. Òg internasjonalt vert det i aukande grad sett fokus på denne problematikken.

Til sjuande og sist handlar det om val. Om prioriteringar. Om menneskesyn og verdisyn.

Denne regjeringa tar dette på alvor, gjer noko med det, og har sett av midlar til tiltak. I søknaden frå Oslo kommune om kvinner med minoritetsbakgrunn og IKT (Damer og data – en satsing for framtida) står det følgjande:

Av kvinner med ikkje-vestleg bakgrunn bur nesten halvparten i Oslo og Akershus. Kvinnene har lågare arbeidsdeltaking og lågare inntekt. Mange manglar grunnleggjande ferdigheiter for å kunne møte samfunnets aukande og varierte krav, tilpasse seg raske endringar i samfunnet og vere kvalifisert nok til å kunne tilpasse seg det som til tider er ein veldig krevjande rolle som både forelder, arbeidssøkjar eller arbeidstakar. Når det t.d er låg valdeltaking blant kvinner med minoritetsbakgrunn, er dette noko som bør vere ein indikasjon på deira manglande samfunnsdeltaking.

Når målet er å få til eit samfunn der alle deltar og bidrar til å berike fellesskapet, har det offentlege eit særskilt ansvar for å sjå til at alle i samfunnet vert tatt med, og at det vert gjort noko med eventuelle utfordringar og hindringar!

Betre kan vi ikkje utfordrast til å vere med på eit godt prosjekt!

Eg er difor glad for å kunne overrekke prosjektet i  Oslo kommune om kvinner med minoritetsbakgrunn og IKT (Damer og data – en satsing for framtida)
750 000 kroner !!!

Vi ser fram til eit spennande samarbeid. Vi trur dykkar entusiasme og kompetanse vil bringe dette prosjektet vel i hamn og vi vil fylgje med og støtte opp om dette frå vår side.

Igjen, tusen takk for at eg fikk komme hit i dag. Lukke til med prosjektet og konferansen!