Historisk arkiv

Regjeringas IKT-politikk, mål og status

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tale av statsråd Heidi Grande Røys under IT-tinget, Tønsberg 24. september 2008

- Brukarane våre nyttar internett på heilt andre måtar enn for ti eller fem år sidan. Ein deltakarkultur pregar etter kvart samfunnet. Offentlege verksemder må prøve å forstå konsekvensane av dette, og leggje om tenesteutviklinga. Sjå på innbyggjarane som samarbeidspartnarar, og ikkje berre passive mottakarar av tenester og informasjon. Dette er utfordinga Heidi Grande Røys ga leiarar i offentlege verksemder i si tale under IT-tinget i Tønsberg.

NRK avslørte tysdag i førre veke at Skatteetaten hadde sendt ut skattelister med fødselsnummer til ni mediebedrifter. Oppstyret var stort, og det vart følgd av både politimeldingar og brumming i Stortinget.

Dette fortel meg noko:
• Vi kan ha eit problem i det offentlege med sviktande rutinar for informasjonstryggleik
• Folk er opptekne av personvern og er bekymra for id-tjuveri

Eg registrerer at fødselsnummer vert opplevde som særleg følsame. FADs personvernundersøking frå 2005 viste faktisk at personnummeret kom på topp, over helseopplysningar, på spørsmål om kva for opplysningar det er viktig å verne mot innsamling og vidare bruk.  Det kan verke som eit paradoks - ettersom fødselsnummeret berre fortel når du er fødd, og elles fortel fint lite om deg. Fødselsnummer vert ikkje rekna som opplysningar det er lagt teieplikt på, og når det kjem til stykket er det mange som sit med personnummeret ditt.

Likevel er det mange, både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder, som har fått ei slags vrangførestilling om at fødselsnummeret er hemmeleg, altså noko berre du sjølv veit. Og dermed så er det berre så altfor freistande å bruke det til autentisering i mangel av noko anna. Sjølv om fødselsnummer ikkje er det same som ID, ser ein i praksis likevel at det ofte både vert nytta og akseptert som identifikasjon utan at ein har tilstrekkeleg tryggleik for at det er den rette personen som identifiserer seg.

Og då skjønar ein jo kvar frykta for ID-tjuveri kjem frå. Dette oppslaget illustrerer tydeleg nok kor sårbare vi er. Det hjelper ikkje mykje å vere direktør for Datatilsynet og verne om personopplysningane dine med livet som innsats, så lenge ein mobiloperatør let deg tinge eit abonnement med berre enkle opplysningar for handa.

Forstå meg rett, eg er ikkje ute etter å bagatellisere den pinlege tabben til Skattedirektoratet – eller skyve skuld over på andre. Slike pinlege hendingar er ein stor trussel mot eForvaltning, fordi folk mistar tillit til løysingane. Folk vil ikkje levere sjølvmeldinga si elektronisk om dei trur informasjonen kjem på avvegar. Folk vil ikkje bruke IT-baserte helseløysingar om dei fryktar at uvedkommande får innsyn i journalen. Og frå styresmaktene si side kan redsla for å gjere noko gale komme til å overskygge viljen til å ta grep for endring og fornying.

For vi treng å ha kontinuerleg fokus på fornying av offentleg sektor.

Offentleg sektor består av nærmare 700 ulike verksemder med sjølvstendig beslutningsmyndigheit. . Desse 700 investerer store beløp i utvikling av løysingar, og kostnadene aukar frå år til år. Vi må samtidig vere ærlege nok til å innrømme at dei samla IKT-investeringane ikkje gir alle dei ønskte effektane. For verkeleg å ta ut dei store gevinstane, må vi ta grep om samordning. Vi legg planar for å hente ut gevinstane i samordninga av elektroniske tenester, men kor stor autoritet har desse? Dessverre ser vi at styringsmekanismar og fullmaktsstrukturar ikkje fell saman med samordningsambisjonane.

Problemstillingane vart grundig handsama i Stortingsmeldinga vår. Der står det at målet er ei open, tilgjengeleg og samanhengande forvaltning. Ein ynskjer å frigjere ressursar gjennom bruk av IKT, og desse ressursane skal nyttast til å lage ei endå betre offentleg forvaltning.

Ei slik utvikling utfordrar tradisjonelle organisatoriske og juridiske grenser mellom dei ulike offentlege einingane. Frå  60-talet og opp til i dag har offentleg IT i stor grad utvikla seg i siloar. Kvar einskild sektor har bygd opp sine system innan sin faglege silo, og sytte for at dei verka som dei skulle. Der det oppstod trong for utveksling av data med andre aktørar, vart dette ofte løyst frå gong til gong.

Samanlikn det med utbygginga av jernbanen. På slutten av 1800-talet tok jernbaneutbygginga her i landet av. Den var som oftast initiert lokalt, og tok mål av seg å flytte gods og folk frå A til B. Utbyggjarane valde utstyr og sporbreidder slik dei sjølve fann det for godt. Men for brukarane vart dette etter kvart vanskeleg. Det heldt på sikt ikkje berre å flytte seg frå A til B, somme ville vitje tanta si på C eller sende eit lass kol til D òg. Løysinga vart for ei stund sporbrotstasjonar, der folk og gods vart flytta over frå ein type vogn til ein annan. Tungvint, men overkommeleg.

Mangel på eit felles regime og bindande vedtak innan offentleg IKT har medført at somme har fridom til å velje smale spor medan andre vel breie spor. Det går greitt når det berre er enkle tenester det er snakk om, og ein enkelt kan sørgje for at overgangane vert kontrollerte. Slik som på biletet bak meg.

Men kor lett vert det når talet på tenester aukar og alle skal spele saman?  For jernbanen sin del enda det med at det offentlege tok eit grep og standardiserte sporbreidder og tok ansvar for trafikkavviklinga. Sjølvsagt, vil vi seie i dag.

Kommunikasjon mellom offentlege IKT-system i dag krev i mange tilfelle sporbrotstasjonar.

Eit sentralt tiltak i IKT-meldinga for å få utviklinga bort frå trongen for sporbrotstasjonar er å etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg  sektor.
• å ta i bruk opne standardar
• å etablere offentlege felles IKT- løysingar
• å gjenbruke IKT-løysingar
• å auke bruken av fri programvare

Ein overordna IKT-arkitektur handlar om å ta heilskaplege grep. Der sporbreidd og materialval er eit spørsmål om å einast om standardar, er signalanlegg og mekanismar for å pense eit tog over frå éi linje til ei anna, eksempel på dei fellesløysingane alle som driv med jernbane er avhengige av. Nokon må ta ansvar for å drifte signalanlegget på vegner av alle, og alle må respektere dei avgjerdene som desse tek for å avvikle trafikken på ein trygg og effektiv måte.

Men kven skal styre denne utviklinga, og korleis? Felles arkitek-turprinsipp i offentleg sektor må vere utforma for gi ei ynskt ret-ning til beste for fellesskapet samtidig som dei er tilpassa det den  einskilde verksemd eller sektor har trong for. Men kva for nye felles IKT-løysingar bør etablerast? Og må det etablerast nye sty-rings- og finansieringsmekanismar?
 
”Tør hun”, spurde Computerworld på framsida for kort tid tilbake. De kan sitere fornyingsministeren på at ”ja, hun tør”. Men de kan føye til spørsmålet ”Får ho lov?”. Sjølv om alle tykkjer at samordning og felles løysingar på felles problem høyrest bra ut, er det mange nok som protesterer når det begynner å angå dei sjølve.

For dette er eit nullsum-spel. Det betyr at skal nokon få myndigheit, er andre nøydde til å gi frå seg myndigheit. Då vert eigne utviklingsynske frå verksemdleiarar av og til prioriterte ned av dei som skal ta det overordna utviklingsansvaret. Skal det finansierast fellesløysingar, inneber det at ein vil kunne ta budsjettmidlar frå den einskilde IT-direktøren.

Slikt vert ikkje akseptert vilkårslaust, og at det kvar gong nokon får mindre å seie eller mindre pengar, skal takast ein liten omkamp. Skal ein lukkast, må ein av og til setje rå kraft bak krava.

Vi startar jo sjølvsagt ikkje på berr bakke. Eg og regjeringa har allereie teke ein del avgjerder som støttar opp under ei slik arkitektur-tenking. Fem av dei viktigaste er etableringa av DIFI, standardiseringsarbeidet, arbeidet med eFaktura, elektronisk ID og ny løysing for AltInn.


La meg ta standardisering som eit døme:

Standardiseringsarbeidet har allereie vart ei stund. Denne regjeringa har bestemt at IKT-utviklinga i offentleg sektor skal basere seg på opne standardar. I framtida vil vi ikkje akseptere at statlege verksemder låser brukarar av offentleg informasjon til lukka format. Regjeringa vedtok derfor i fjor fyrste versjon av referansekatalogen for forvaltningsstandardar. Vi gjorde der HTML, PDF og  ODF til obligatoriske standardar når statlege verksemder skal publisere på nett.

I vinter fekk vi sjå kva kraft som ligg i å gjere strategiske val av standardar. Vårt vedtak om å standardisere på ODF under gitte omstende skjedde samstundes med ISO si handsaming av Microsofts konkurrerande standard for dokumentformat: OOXML. Begge prosessar skapte mykje støy og uvande aktivitetar.

Det heile toppa seg med demonstrasjonstog framfor eit ISO-møte her i Oslo. Å høyre folk rope ”What's that smell? OOXML!” var litt uverkeleg. Desse presseklippa viser akkurat noko av den sprengkrafta som ligg i IKT-utvikling, og at dei vala som vi gjer får samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar. I dette tilfellet var det mange nok som oppfatta situasjonen til at det vart ei rørsle - på begge sider.

Ein ny versjon av referansekatalogen vil, viss alt går som planlagt, verte vedteken til neste sommar, og då vil ein få dekt nye område for IKT-bruk i offentleg sektor.  Blant anna ser vi no på standardar for dokumentformat for utveksling mellom det offentlege og innbyggarane og næringsliv. Vi vil òg sjå på standardar for   universell utforming og standardar for lyd, bilete og video.

Eit anna viktig døme på nokre skritt i retning av fellesløysingar er regjeringa sin strategi for elektronisk identifikasjon. Mange eForvaltningstiltak er avhengige av at det er mogleg med sikker pålogging.  Det er det ikkje i dag, og resultatet er at planar for gode løysingar vert lagde i skuffa.

I dag krev vi at brukarar av elektroniske tenester frå ulike etatar må hugse eit utal brukarnamn, passord og pinkodar. Dette er ikkje berre tungvint, det utgjer ein tryggleiksrisiko i tillegg. Dette kaoset vil vi no til livs.

Vi etablerer ein felles offentleg eigd infrastruktur for elektronisk identifisering. På denne måten kan vi bruke same passord eller pin-kode til alle offentlege nett-tenester, uavhengig av om det er kommunen, skatteetaten eller NAV som leverer tenestene.

Dette er ingen budsjettlekkasje, men arbeidet med eID vil òg neste år verte prioritert i statsbudsjettet. Vi skal etablere eit såkalla samtrafikknav for eID som skal kunne handtere pålogging med felles offentleg eID, men òg eID frå marknaden som er godkjend etter offentlege krav. Navet skal òg tilby felles pålogging til fleire offentlege tenester

I stad snakka eg om bruk av personnummer og den uvanen det er å bruke dette som personidentifikasjon for nettenester. Mange av desse løysingane samsvarer med tryggleiksnivå 1, og er mest eigna til å levere inn kryssorda i Norsk Ukeblad.

Kva kjem først? Høna eller egget? Eg opplever at mange offentlege etatar sit og ventar på høgste sikkerheitsnivå, og til dei vil eg sei: Dei aller fleste tenestene dykkar kan leggast ut på nivå 3, mellomhøgt nivå, kvifor gjer dei det ikkje?

So skal det seiast at Regjeringa har gitt Justisdepartementet mandat til å førebu etablering av ei ordning med eit nasjonalt ID-kort. Dette er naudsynt mellom anna fordi reell passfridom innan Schengen krev eit ID-kort alle landa kan akseptere. Når det først vert slik meiner vi at kortet òg skal kunne innehalde ein chip som kan lagre elektronisk ID. Om Stortinget samtykkjer vil ei ordning med utsending av nasjonalt ID-kort kunne kome i gang frå årsskiftet 2009/10. Ein offentleg eID på høgt tryggleiksnivå (nivå 4) vil vere eit supplement til eID i marknaden. På lengre sikt, dersom utbreiing av kortet vert ein suksess, kan ID-kortet verte den universelle ”nøkkelen” til tenester på nett.

Fellesløysingar og samhandling er ein del av ein kultur for deling, som eg ynskjer skal få fotfeste i forvaltninga. Dette er ikkje ideologisk svermeri, det handlar om å gjere rasjonelle val. Å betale for dei same vurderingane og løysingane om att og om att er ein dårleg bruk av offentlege midlar. Å måtte byrje frå scratch kvar gong ein skal løyse ei oppgåve, er dårleg bruk av kompetansen som finst i offentleg sektor og samfunnet elles. På same måte som vi ser det som sjølvsagt at Disney viser korleis Disney teiknar Pluto, så meiner eg det bør vere sjølvsagt at vi deler informasjon om kva vi har gjort og korleis det er gjort.

Ein delingskultur vil gagne alle. Gjennom deling og gjenbruk vil ein opphavleg idé kunne raffinerast til noko endå betre enn det ein hadde.  Eg seier som Bill Joy, ein av grunnleggjarane av SUN Microsystems: Det er alltid fleire smarte folk utanfor organisasjonen din enn inne i den!

Brukarane våre nyttar internett på heilt andre måtar enn for ti år sidan, ja til og med for fem år sidan. Ein deltakarkultur pregar etter kvart samfunnet, iallfall blant dei yngre. Med eitt vert det laga leksikonartiklar av små og store ekspertar rundt omkring, faglege og sosiale nettverk vert haldne ved like utelukkande på nett og pressgrupper på Facebook og bloggarar stel framsidene på avisene.

Offentlege verksemder må prøve å forstå konsekvensane av dette, og leggje om tenesteutviklinga. Sjå på innbyggjarane som samarbeidspartnarar, og ikkje berre passive mottakarar av tenester og informasjon.  Gi dei tilgang til å påverke utforminga og presentasjonen av desse tenestene og informasjonen.
Brukarskapte initiativ har skapt nye og lokale tenester på grunnlag av fleire datakjelder, deriblant offentlege. Eit døme er sida FixMyStreet.com, der innbyggjarane kan innrapportere forfall og diverse i nabolaget der dei bur, som graffiti, hærverk og manglande belysning.

Dagens brukardeltaking i form av informasjonsdeling, brukarskapt innhald og dialog kan og bør utnyttast mykje betre. Både brukarvilkåra og dei teknologiske moglegheitene er her allereie, det er viljen og evna det står på –både her og der.

Ein trend mot meir openheit og deling av kunnskap og teknologi, kan òg hjelpe til å lette og redusere kostnadene med kunnskapsoverføring til fattige land. Utviklingsutvalet er nedsett av Miljø- og utviklingsministeren, og leverte for to veker sidan ein NOU kalla Samstemt for utvikling? Oppgåva til utvalet har vore å identifisere dei sider ved norsk politikk som har størst praktisk og prinsipiell innverknad når det gjeld tiltak mot fattigdom i utviklingsland. I NOUen peiker dei på nettopp moglegheitene for utvikling som ligg i deling. Open publisering er ein stor fordel for forskarar ved underfinansierte universitet i utviklingsland, seier dei. Men dei peikar òg på at den internasjonale trenden innan open tilgang til forskingsresultat har hatt lita gjennomslagskraft i Noreg. Det er for eksempel frivillig for forskarar i Noreg om dei ynskjer å gjere offentleg finansiert forsking fritt tilgjengeleg.  Her trur eg det må skje ei endring!
 
Slik eg ser det, er spesielt fri programvare ein framifrå eksponent for ein slik delingskultur. Derfor er òg engasjementet mitt for fri programvare stort, og vi ynskjer at det skal nyttast i større grad i offentleg sektor. Med fri programvare vil gjenbruk av løysingar på tvers av offentleg sektor gjerast lettare. Samtidig vert det mogleg for alle kyndige å medverke i utvikling av løysingar ein brenn for. I tillegg vil tilsette i offentleg forvaltning ha ei spesiell moglegheit til auke kompetansen sin, gjennom å få høve til vere med på utviklinga av sine eigne løysingar. Eg trur òg det er mykje pengar å spare her. Meir bruk av fri programvare vil òg vere med på å auke konkurransen på programvaremarknaden, og det trengst.

Nokon av argumenta mot bruk av fri programvare dreier seg om manglande moglegheit for vedlikehald og kvalitetskontroll. Argumenta liknar på det desperate telegrafselskap sa om telefonen for over 100 år sidan. Dei etablerte telegrafselskapa angreip telefonen med følgjande argumentasjon:

«Enhver telegrafingeniør kan forstå at dette vitner om manglende
vurderingsevne. Det er rett og slett uforsvarlig å la det alminnelige publikum få lov til å røre ved teknisk
kommunikasjonsutstyr. »

Historia vidare kjenner vi. Fri programvare er allereie big business i Noreg og resten verda. VG, Google, IBM, Nokia kan stadfeste det.

Mi oppgåve er å sørgje for at det vert avklart juridiske rammer for ein delingskultur, og at kunnskap om fordelane vert spreidde. Vi må ha på plass mekanismar som stimulerer til deling, m.a ynskjer Regjeringa ein preferansepolitikk for fri programvare.

Vår erfaring er at manglande kompetanse er den største barrieren mot auka bruk av fri programvare. Gjennom støtta til etableringa og drifta av Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare, gjer vi òg noko for å spreie kompetanse. I neste foredrag vil leiar av senteret, Heidi Austlid, fortelje meir om kva dei gjer.

So begynner eg å nærme meg slutten, men det er umogleg å halde eit innlegg utan å snakke om vårt tids store utfordring: Dei menneskeskapte klimaendringane.
IKT-politikken kan òg vere eitt av fleire tilskott i arbeidet med å løyse denne store utfordringa.

Vi har enorme utfordringar framfor oss. Regjeringa har sett klare politiske mål om å redusere Noregs utslepp av klimagassar innan 2020 med minst 30% frå 1990-nivå. Noreg skal verte karbonnøytralt innan 2050. Skal vi klare dette må vi tenkje kreativt og handle på heilt nye måtar.

IKT står for 2% av utsleppa – altså  like mykje som luftfarten. Men IKT er òg sentral i å møte denne utfordringa. Fleire internasjonale miljø, mellom anna The Climate Group og Verdas villmarksfond, viser nett til at IKT har eit enormt potensial til å redusere det samla utsleppet av klimagassar i verda. I beste fall kan IKT medverke til å realisere heile 1/3 av utsleppskutta verda må ta dei neste tiåra. La meg gi nokre eksempel:

Har du tenkt på at breiband òg er ein gigantisk klimainfrastruktur?  Ved hjelp av teknologi kan vi redusere reiseverksemd med lågutsleppsalternativ som videokonferansar eller andre former for elektronisk samhandling, som heimekontor. Internett skaper nytt elektronisk innhald som endrar framferda vår. Eit anna eksempel er nedlasting av filmar og musikk. Bruk av elektroniske tenester som eFaktura eller offentleg innrapportering via Altinn eit anna. Dermed sparer vi enorme mengder papir og andre fysiske ressursar.

I eit slikt perspektiv vert IKT-politikken endå viktigare enn tidlegare. IKT er sentralt for innovasjon i offentleg og privat sektor. Teknologien endrar arbeidsformer. Intelligent styring av prosessar, transport og smarte bygg gir meir effektiv produksjon og enorme energieffektiviseringar.
Samtidig er altså IKT-bruken òg ein del av problemet. Eksempel er energiforbruk, skadeverknader for miljøet ved utvikling, produksjon og avfallshandtering av IKT-produkt. Eg er stadig i dialog med it-bransjen om dette. Og eg veit at bransjen jobbar aktivt med problematikken, t.d. gjennom IKT-Noreg sitt prosjekt om Grøn IT.

Vi som forbrukarar og innbyggjarar vil krevje nye og meir klimavennlege løysingar. Noreg sin posisjon både som miljønasjon og som IKT-nasjon kan gi store moglegheiter for norske verksemder. Noreg har kompetanse i verdstoppen innan teknologiløysingar som gjer det mogleg å få eit samfunn med reduserte utslepp av klimagassar.

Datalagring er milliardindustri. IKT-utviklinga globalt tenderer mot færre og gigantstore einingar for datalagring og drift av serverar. Verda er på jakt etter nye, miljøvennlege lagringsstader for datalagring. Kan Noreg med sin IKT-kompetanse, geopolitiske stabilitet, ei mengd fjell og fjellhallar, og naturleg kjøling, vere eit alternativ?

Vi er nøydde til å tenkje radikalt annleis. Det offentlege må gå i brodden. Vi må òg vere villige til å tenkje nytt når det gjeld regelverk, til dømes når det offentlege skal gjere innkjøp på IKT-området.

Det offentlege kjøper årleg inn for 250 milliardar, det er 6 operabygg årleg!!!  Ved å ta miljøomsyn ved innkjøp og investeringar kan offentleg sektor gi  eit stort bidrag. Til dømes ville det gjere ein skilnad om vi berre kjøpte energiøkonomiske el-artiklar. I kraft av storleiken og som forvaltar av offentlege midlar har det offentlege eit særleg ansvar for å gå føre som ansvarleg forbrukar, og etterspørje miljøvennlege varer og tenester. For det fyrste kan ein redusere skadeverknader for miljøet ved eiga drift. Dessutan kan ein medverke til å fremje betre utval av miljøvennlege produkt og teknologi. Gjennom langsiktig arbeid der krav vert utarbeidde i dialog med bransjen, kan det offentlege skape miljøinnovasjon gjennom å vere tøffe og klare kundar. Samarbeidet her i Vestfold, der det gjennom innkjøpssamarbeidet Vois er skapt ein møteplass for innkjøparar og næringsliv, er eit godt døme på dette.

Det er eit stort potensial her. Det er ikkje innkjøpsregelverket, og forståinga av det, som er barrieren for at ein ikkje kjøper meir grønt. Hovudutfordringane er å syte for at innkjøparane har reelle grøne målsetjingar, prioriteringar og forankring for å auke miljøprofilen ytterlegare. Vi må syte for tilstrekkeleg miljøkunnskap, praktiske verktøy og støtte frå leiinga.

Eg la saman med miljøvernministeren og barne- og likestillingsministeren i fjor sommar fram ein treårig handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp. Med denne auka Regjeringa ambisjonsnivået: Vi skal verte blant dei beste i verda på miljøbevisste offentlege innkjøp.

Handlingsplanen inneheld ein eigen innkjøpspolitikk for statleg sektor. Gjennom tildelingsbreva er statlege einingar pålagde å følgje opp den statlege miljøinnkjøpspolitikken og rapportere på handlingsplanen. Regjeringa stiller krav!

Til å gi regjeringa råd og utarbeide gode verktøy vart Panelet for miljømedvitne offentlege innkjøp etablert for tre år sidan. Miljøpanelet utarbeidde miljøkriteriesett, og er breitt samansett med representantar frå miljøsida, innkjøpssida, leverandørane og fagrørsla. For å skape ein god miljøinnkjøpspolitikk har det vore bra å ha med alle partar. Spesielt gledeleg har det vore at bransjen sjølv i så stor grad har vore konstruktivt og aktivt med.

Kriteriesetta skal brukast av alle statlege innkjøparar dersom ikkje konkrete forhold tilseier noko anna. I april vart dei fyrste seks kriteriesetta lanserte. Desse var hotelltenester, kontormøblar, bygg og anlegg, reinhaldstenester, klede og tekstilar og vaskeritenester.

Miljøpanelet har sidan arbeidt vidare med ytterlegare eit kriteriesett. Og eg er svært glad for at det i løpet av hausten vert lagt fram eit nytt kriteriesett for miljøvennlege innkjøp av IKT i det offentlege. For IKT-produkt identifiserer ein energibruk under produksjon og bruk i tillegg til  innhald av farlege kjemikaliar, som dei største miljøproblema. Energikrav og  lang levetid, gjenbruk og trygg avhending, slik at kjemikaliane ikkje går i naturen, er det det vert lagt vekt på i krava.

Eg ynskjer å nytte dette høvet til å rose leiaren for Miljøpanelet, og mannen bak miljøkriteria - Bjørn Strandli. Bjørn er jo òg assisterande fylkesmann her i Vestfold, og ein de kan vere stolte av!

Og med den rosen, seier eg takk for meg.