Historisk arkiv

Eitt samla IKT-rike

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Regjeringa samordnar IKT-utvikling i offentleg sektor

Regjeringa har vedteke at nye IKT-prosjekt i staten skal følgje nokre enkle køyrereglar som gjer at heilskapen vert ivareteken, såkalla arkitekturprinsipp, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i ein kommentar i Computerworld nr. 13/2009.

I september 2008 var eg på framsida av Computerworld under overskrifta ”Tør ho?” Ja, eg både tør og kan. Eg har fått regjeringa med meg på at vi skal ta sterkare samordningsgrep på IKT-området. Frå sentralt hald legg vi no føringar på statsetatane. Vi tvingar dei til å orientere seg  utover si eiga verksemd, slik at vi får rasjonelle og gode avgjerder for fellesskapet.  

Det er over tusen år sidan Noreg vart samla til eitt rike. Men for IKT i offentleg sektor er det framleis nessekongane som rår. Over 800 kommunar, fylkeskommunar og statsetatar avgjer sjølve kva IKT-system dei skal ha. Det er få føringar. Dermed har IKT i offentleg sektor blitt eit gigantisk lappeteppe som er laust tråkla saman.

På same måte som landet har trong for vegar og jernbane, må vi ha ein IKT-infrastruktur for offentleg sektor. Denne infrastrukturen må omfatte dei store registera og IKT-systema i etatar og kommunar. Den må vere sjølve ryggrada for den elektroniske forvaltninga. Utan denne ryggrada klarer vi ikkje å lage gode og enkle sjølvbeteningsløysingar for brukarane, løysingar som gjer at offentleg sektor vert enkel og grei for deg og meg.

Nokre gonger vert det sagt at den einskilde kommunen eller statsetaten veit best kva den treng. Det er mykje sant i det. Men IKT-løysingar skal ikkje berre handtere det ein har trong for lokalt. Dei skal spele på lag med andre IKT-løysingar, andre stader. Og det er heller ikkje særleg smart at fleire etatar kvar for seg utviklar kostbare IKT-løysingar som skal dekkje nøyaktig  det same. Kor mange eID-løysingar, meldingsboksar og skjemamotorar skal vi lage?

Vi må stille krav om samordning og heilskapstenking. Lokale IT-sjefar må underleggjast ein viss kontroll.

Regjeringa har vedteke at nye IKT-prosjekt i staten skal følgje nokre enkle køyrereglar som gjer at heilskapen vert ivareteken, såkalla arkitekturprinsipp. Førebels vil det vere tilrådd for kommunane å gjere det same. Reglane seier at vi skal satse på fellesløysingar der mange har trong for det same, og vi skal leggje til rette for gjenbruk. Vi skal ha ein delingskultur som gjer at vi lærer av kvarandre. Og IKT-løysingar i det offentlege skal vere utforma som legoklossar som ein lettkan byggje på kvarandre. For deg og meg skal det vere mogeleg å knyte oss til offentlege tenester uavhengig av kva type teknisk utstyr vi vel å bruke. Vi gjer tilværet enklare for brukarane. Og vi utnyttar ressursane betre.

Eg er glad for at nokre av dei som har vore aller best til å lage gode system sjølve, slik som Skatteetaten og Lånekassa, òg er blant dei mest aktive i å utvikle og bruke fellesløysingar.

Det skal straffe seg å ikkje vurdere heilskapen. Når etatar for i framtida ber om løyvingar til store IKT-prosjekt, skal dei vise korleis dei tek omsyn til desse køyrereglane.  Dersom dei meinar at det er gode grunnar til å avvike frå hovudprinsippa, skal dei argumentere for det. Dei som ikkje har gode svar, risikerer å hamne i papirkorga.

Dei siste åra har IKT-avgjerder i det offentlege vore desentraliserte, overlatne til lokale IT-sjefar. No tek vi tilbake noko av styringa for å tenkje heilskap, samspel og fellesskap i eit samla IKT-rike. Til beste for deg og meg.

Faktaark: Prinsipp for planlegging av IKT-løysingar (PDF)