Historisk arkiv

Studentar har rett til vern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Dei nye reglane om innsyn i e-posten til tilsette sikrar alle, òg studentar, rett til vern av kommunikasjonen sin, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Studvest nr. 6/2009.

Leserinnlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Studvest nr. 6/2009.

Dei nye reglane om innsyn i e-posten til tilsette sikrar alle, òg studentar, rett til vern av kommunikasjonen sin. Derfor bommar Studvest med leiarartikkelen 12. februar.

1. mars trer dei nye reglane om arbeidsgivars innsyn i e-posten til tilsette i kraft.  Utfordringar knytte til innsyn i elektronisk korrespondanse og dokument er ikkje berre aktuelle i arbeidslivet, men òg ved undervisningsinstitusjonar. Regjeringa meiner derfor det er rett å la reglane gi vern også til studentar.

Regjeringa viser med dette at kommunikasjon frå kvar einskild er verna av reglane, utan omsyn til om ein er arbeidstakar eller student. Studentane er ikkje definerte som arbeidstakarar ”fordi det passar staten”, slik Studvest ymtar om. Det er heller ikkje slik at dei nye reglane opnar for fleire krenkingar av studentane sitt privatliv.

Tvert i mot seier regjeringa at alle har rett til vern av sin kommunikasjon, noko som umogleg kan vere kontroversielt. På dette området er det ingen grunn til å handsame studentar og arbeidstakarar ulikt. Det skal ikkje vere dårlegare vern for studentar enn for andre.

Men reglane kan vere vanskelege å nytte i praksis, og derfor arbeider regjeringa no med merknader til føresegnene. Desse vil gjere det tydeleg i kva for avgrensa situasjonar skulen kan ha rett til innsyn i studentane sin e-post. Desse merknadene skal etter planen vere klare når regelverket trer i kraft.