Historisk arkiv

Norsk-polsk statssekretærmøte 26. september i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Den polske statssekretæren Waldemar Skrzypczak hadde den 26. september møte med statssekretær Eirik Øwre Thorshaug. Formålet med møtet var å drøfte utvida samarbeid mellom Noreg og Polen innan forsvarsmateriell og forsvarsindustri, eit samarbeid som alt i dag er nokså omfattande.

Den polske statssekretæren Waldemar Skrzypczak hadde den 26. september møte med statssekretær Eirik Øwre Thorshaug. Formålet med møtet var å drøfte utvida samarbeid mellom Noreg og Polen innan forsvarsmateriell og forsvarsindustri, eit samarbeid som alt i dag er nokså omfattande.

Med seg hadde den polske statssekretæren ein større delegasjon frå det polske forsvarsdepartementet si materiellavdeling. Under møtet fekk dei polske gjestane presentasjon av norsk luftvern, våre planar for framtidig ubåtkapasitet og programmet for modernisering av våre stridsvogner.

Noreg og Polen møtast jamleg til bilaterale samtalar, både om tryggleiks- og forsvarspolitikk, og om saker som gjeld forsvarsmateriell. Møtet gjekk såleis inn i ein prosess der båe lands forsvarsdepartement identifiserer potensielle område for samarbeid, denne gong for å utvikle det forsvarsmateriell og den forsvarsevna som skal tryggje landa i framtida.

-Noreg og Polen samarbeider allereie som gode allierte på fleire område på forsvarsfeltet. Vi ser begge land potensiale i ytterlegare samarbeid på forsvarsmateriellområdet. Å fremje norsk høgteknologisk forsvarsindustri er prioritert frå regjeringa. Difor er det nyttig å ha samtaler på dette nivået for å diskutere kva område som landa kan samarbeide på framover, seier statssekretær Eirik Øwre Thorshaug i Forsvarsdepartementet.

Den polske statssekretæren Waldemar Skrzypczak møtte statssekretær Eirik Øwre Thorshaug for å drøfte utvida samarbeid mellom Noreg og Polen innan forsvarsmateriell og forsvarsindustri.
Den polske statssekretæren Waldemar Skrzypczak møtte statssekretær Eirik Øwre Thorshaug for å drøfte utvida samarbeid mellom Noreg og Polen innan forsvarsmateriell og forsvarsindustri (foto: Lars Gjemble, FD).