Historisk arkiv

Meir pengar til dei vernepliktige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å auke godtgjersla til vernepliktige soldatar med 4,5 % frå 1. juli 2006. Soldatane får dermed 126 kroner om dagen. Etter 12 månaders førstegongsteneste får soldatane ei dimisjonsgodtgjersle på 20 900 kroner.

Pressemelding

Nr.: 33/2006
Dato: 02.06.06

Meir pengar til dei vernepliktige

Regjeringa gjer framlegg om å auke godtgjersla til vernepliktige soldatar med 4,5 % frå 1. juli 2006. Soldatane får dermed 126 kroner om dagen. Etter 12 månaders førstegongsteneste får soldatane ei dimisjonsgodtgjersle på 20 900 kroner.

- Oppjusteringa er eit av fleire tiltak i ein langsiktig prosess for gje soldatane auka status. Dei som gjennomfører verneplikta er dyktige, høgt kvalifiserte ungdommar, og Forsvarets viktigaste ressurs. Vi ønskjer at dei skal ha ei god og utviklande førstegongsteneste, inkludert ei tilfredsstillande økonomisk godtgjersle, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Dei sivile vernepliktige får ei tilsvarande auke i si godtgjersle frå same dato. Vernepliktig akademisk befal får ei oppjustering av løna til lønnstrinn 36 for løytnantar og lønnstrinn 40 for kapteinar.

Meirutgiftene for 2006 er utrekna til 12,5 millionar kroner for Forsvaret og ca. 1 million kroner for siviltenesteforvaltninga.

- Målet er å koma opp i ei dimisjonsgodtgjersle på 25 000 kroner. Vi tek sikte på å nå dette innan utgangen av 2008, seier forsvarsminister Strøm-Erichsen.

Lenke til St.prp.nr 75 (2005-2006).